søndag 27. desember 2009

Helsing frå Afrika / Greetings from Africa

Hei alle sammen!

Her kjem ei helsing med ynskje om ei riktig god jul og eit godt nytt år til alle lesarar av Bjørn og Tiger på Eventyr.
Tusen takk for kommentarar og helsingar.

Sjåast om ein månad! =)

Bjørn & Tiger







Hi everyone!

We wish you all a merry Christmas and a happy new year.
Thank you for comments and greetings.

See you in a month.. =)

Bjørn & Tiger

søndag 20. desember 2009

Surf's up in Nicaragua

San Juan del Sur

Vel framme i Managua svinga me innom tax-free'en og kjøpte med oss to liter Amarula. Kjekt å ha på ein regnvêrsdag.
Etter litt forhandling fekk me ein taxi til å køyre oss til buss-stasjonen der me vart kasta på ein buss i retning målet; San Juan del Sur. Pakka saman på ein kyllingbuss der konduktøren jobba villmann for å få tak i eit sete til oss e ei oppleving i seg sjølv. Bjørnen knytta bånd med fleire av bussens yngste passasjerar medan tiger'n forsøkte så godt ho kunne å forstå konduktørens spørsmål om han sku skaffa taxi til oss frå Rivas til San Juan. Ho forstod iallefall det meste... ;)
Fekk sjekka inn på Casa Oro og slukna ganske fort. Ein heil dag på reise tar på..

Neste morgon bestemte me oss for å sjekka ut stranda før me prøvde oss på surfinga. Veskene vart pakka med dei mest nødvendige ingrediensa; bok, chips og vin. ;)
På vegen kom me i prat med engelskmannen Tony, som skulle visa seg å vera ein av dei som gjorde tida i Nicaragua så fantastisk.

Morgonen etter prøvde me oss for fyrste gong på surfebrettet med dei to lokale heltane Oliver og Julio som lærarar. Både bjørnen og tiger'n var svært nøgd med innsatsen, særleg sidan begge stod på tredje forsøk.. Tre timar går fort når ein har det moro, og me hadde ingen planar om å gje oss der.. Kjapp lunsj i San Juan og det bar rett tilbake til stranda for å prøva på eigenhand.

Etter nok ein lang dag på stranda, der tiger'ns bakhovud fekk nærkontakt med Tomers surfebrett, traska me bort til det som skulle bli vår stamplass i San Juan - The Pier.
Her vart me positivt overraska av eit reggae-band som var kjempedyktige. Tiger'n fekk seg ein helt og me såg onkel Reisende Mac i egen person.

Sundagen var som sundagar skal vera, ein kviledag. Me tusla rundt i San Juan og lata som me gjorde oss kjende med den vesle byen (me vart aldreg særleg kjend utover strandlinja..). Nok ein tur på The Pier for å nyta ein Cuba Libre. Dette skulle bli ein dagleg aktivitet..

Dag tre med surfing der tiger'n nok ein gong skadar seg og byrjar å tenke at denne sporten nok ikkje for henne. Tiger'n slappa difor av på stranda medan bjørnen baksa og plaska og prøvde å komma seg på brettet. To amerikansk-baserte israelerar forbarma seg over henne og byrja å gje henne instruksjonar. Rafi og Shay sku visa seg å vera eit par fantastiske karar med gode surfeskills, som dei så smått klarde å læra bjørnen etter kvart..

Frå denne dag vart bjørnen dedikert surfar og brukte dagane på brettet saman med Rafi og Shay. Tiger'n på si side nytte dei lange morgonane og dedikerte seg sjølv til sosialt samvær med dertilhøyrande alkoholinntak. Kortspel på eit gatehjørne kl 4 om morgonen er ikkje til å kimsa av. Svært så god i strand-cricket vart tiger'n og, med gode instruksjonar frå aussiane Dave og Jarrod, og engelskmannen Ben. Tiger'n kastar tydlegvis ikkje som ei jente.

Laurdagen vart det duka for storfest med ikkje mindre enn to bursdagsfeiringar og nok ein konsert med reggae-bandet La Familia, denne gong fulltallige. Ein svært vellukka kveld som resulterte i sang, dans og ein skremmande avhengighet av raude slikkepinnar. Og mange små pranks frå Bjørnen og Daves side. Som f.eks å gje tiger'n ein slikkepinn dei hadde kasta på golvet. Snillt.

Sundagen var "last night out" og omtrent like stor som laurdagen. Noko som resulterte i at også mandagen vart "last night out".

Tysdag var det duka for å dra til Managua med kyllingbuss. Fyrst ein time til Rivas der me bytta buss, og så to timar til Managua. Då me var nesten framme spurde bjørnen om tiger'n hadde teke passet og kameraet ut av skapet på hostellet. Sjølvsagt ikkje, pass og kamera lyt bjørnen passe sjølv. Så bjørnen måtte hiva seg på fyrste buss tilbake til San Juan Del Sur og henta sakene sine, for så å komma attende til Managua samme kveld.
Med pass og kamera i bagasjen sette dei seg på Tica-bussen til San Pedro Sula i Honduras. Endeleg tid for dykking!

onsdag 2. desember 2009

There and back again, a mexican tale

Mexico City
Vegen opp, fine byen og vegen attende.
Ei historie om dramatiske bilturar, dei dødes dagar med midnattsturar på kyrkjegårdar, shopping, kanselering av flybillettar og flyforvirring.

Me kom oss halvsjuke, men på bedringas veg, til Flores, kor me hadde overnatta då me besøkte Tikal. Me heiv oss inn på samme hostellet (med veldig god veggismat, bra for bjørn!) og slengte oss i kvar vår hengekøye for natta. Dagen etter byrja me den
lange turen opp mot Mexico City, fyrst buss til grensa (som bestod av eit skur langt ute i ingenmannsland. Den kjappaste grensekryssinga så langt.), så båt over ei elv som ligg på grensa, deretter eit par timars biltur opp til Palenque. Både bjørn og tiger sovna på bussen, musikk på øyra, sløve etter parasittanes herjingar i kroppen. Brått vakna me av høge skrikande lydar, sjåføren bremsa for harde livet, bjørnen kikka søvnig ut av vindauga og fekk auga på eid hjul som trilla ved sida av bussen. "Steike" tenkte den vesle bjørnen. "Nokon har mista hjulet sitt!" Det gjekk eit sekund før det gjekk opp for ho at det faktisk var OSS som mista dekket! Med stag og det heile! Sjåføren klarte å stansa bussen, me tumla forvirra og lettskremde ut for å sjå kva som faktisk hadde skjedd. Der fann me dekket i grøftekanten. Føl med på Flickr, biletebevis kjem snart! Me hadde hatt bra stor fart og nett runda ein svær sving då me hadde mista dekket. Flaks! Dette kunne ha gått mykje værre. Me fekk kapra ein taxi, som tok oss dei siste 10 minuttane til Palenque.

I Palenque sløva me vekk nokre timar før me hoppa på nattbussen til Mexico City. Tidlig om morgonen kom me fram til det me håpa var riktig by (dei kallar jo byen noko heilt anna). Me kom os fram til eit brukande hostel og fortsatte vår no endande
kamp mot ekle mageparasittar. Me byrja komma oss ganske bra. Tiger'n måtte enno ta in roleg kveld, mens bjørnen for ut på midnattstur til ein av byens kyrkjegårdar, full i krigsmaling a la gjenferd. Det var nemleg den tradisjonelle "Day of the Dead" der mellom-amerikanarar minnast sine døde. Turen bestod av ein busstur til eit marknadssentrum der me fekk sjå aztek-dans og feiring, båttur gjennom kanalane der nokon hadde hengt opp dokker (med og utan hovud) i trea på øyane (creepy!!) og til slutt eit besøk på ein stor kyrkjegard der folk samlast heile natta, med dei dødes favorittmat fint plassert, favorittmusikken spela av innleigde band, blomar, ballongar på gravene til dei små, flust med drikke og ei merkeleg blanding av djup sorg og kjempefest. Det var veldig interessant og ei heilt spesiell stemning, men ikkje så veldig behageleg, då ein følte ein tråkka inn på noko som var heilt privat og ganske så sårt. Dagen etter tura me rundt på ei by-sightseeing og oppdaga kor fin Mexico City faktisk er. Rett og slett ein vakker by, med mange spanande gøymde element som fortel om ei turbulent og interessant historie.

Dagen etter skulle me fly avgarde til Sør-Afrika. Me byrja å prate om kor fint me har hatt det i Mellom-Amerika og det kom fram at verken bjørnen eller tigeren følte seg ferdig med denne delen av verda. Kort fortald: me hasta avgarde til flyplassen, kansellerte blybillettane våre til Afrika og kjøpte nye til Nicaragua istaden. Me likar jo å reise og sjå nye stader. Det er mindre sjangsar for at me reiser tilbake hit i nær framtid, sidan det er så mange stader å sjå. Difor er det like godt å utnytte tida me har her no, og då heller ta eit enno lengre opphald i Afrika neste gong :) Men me reiser framleis til Uganda før jul!

Siste dagen gjekk med til shopping og eit forsøk på å få sendt heim litt stæsj. Det viste seg å være vanskeleg. Me enda opp med å springe rundt halve byen, fyrst for å kjøpe boksar, så få dei pakka inn, så finne minibank for å betale dei hundre og ørti stempela. Sjølvsagt stengte postkontoret før me kom oss igjennom den rebusløypa. Det enda med eit hastebesøk til postkonotret på veg til flyplassen morgonen etter. Etter lang ventetid før dei opna fekk me endeleg sendt avgarde pakkane våre og hasta avgarde for å rekke flyet vårt til Nicaragua. Vel seint pesa me inn på riktig terminal og halvsprang bort til innsjekk. Innsjekk til mellomlandinga i Guatemala gjekk fint, men inn i Nicaragua fekk me beskjed om at me ikkje kunne. Ein måtte nemleg ha utreisebillett for å komme inn. Men me skulle jo ut att med buss... Me bestemte oss for å hoppe på flyet til Guate og fikse det der. MEN hadde me betalt turistavgifta i Mexico? "Ka for ei avgift, sa du?" Joda, me skulle visstnok ha besøkt ein bank og betalt noko greier. Det hadde me sjølvsagt ikkje sidan ingen hadde sagt noko om det (mulig nokon har skravla noko på spansk, men der har me begrensa kunnskapar desverre). Heldigvis for oss var dama i skranken begynt å bli temmelig stressa, og mens ho mumla "I really need my breakfast now" stempla ho oss igjennom etter at bjørnen overbevisande fortalde at me hadde betalt alt som skulle betalast. Lovar. Framme på flyplassen i Guatemala tok tigeren tak og fekk personellet til å innsjå at dei ikkje kunne nekte oss inngong til Nicaragua, sjølv om dei kanskje ville. Me hadde jo ikkje tenkt å busetje oss der, berre surfe litt. Og vips, så satt me på flyet på veg til Managua.

Tross magesjuke, bildekk på ville vegar, levande døde og ein laaang stressande flyplass-dag kom me oss fram til Managua. Next: Bjørnen og Tigeren lærar seg å surfe! Hurra!





In english:

Mexico City
A story about dramatic bus rides, midnight visits on churchyards on the day of the dead, postal distress, cancelling of planetickets and flight confusions.

Still recovering from the nasty parasites that roamed through our bodys, we headed for Palenque after spending a night in Flores. The journey consists of a bus up to the border, a boat across a river and then another bus to Palenque on the Mexican side. Both the Bear and the Tiger were asleep when a loud screeching noise woke us up. Still half asleep the little Bear looked out of the window and saw a wheel running loose on it's own beside the bus. "Wow, someone's lost their wheel!" was the Bear's first thought, but after a split second she realised "Shit! It's OUR wheel!!". Still on it's broken axel it settled in a ditch while the driver managed to stop the bus. We all went out to have a look, rather confused and a little frightened. We had been going very fast at the time and had just got around a huge sharp turn. Luckily we stayed on the road and all were fine. A taxi took us safely the last 10 min to Palenque.

We took the night bus from Palenque to Mexico City. The Tiger had a relaxing night at the hostel while the Bear went on a "Day of the Dead" tour. Covered in war paint a la corpse she went out to see how the Mexicans s\celebrate their dead ones on this day when thei believe the dead comes to life for the night. She went to see the Aztecs doing traditional ceremonies, took a boat-trip through the canals were they had hung up dolls in the trees around the islands (with and without their heads, creepy!) and then ended the night at a huge chirchyard were people were both mourning and celebrating, crying and drinking, placing the dead people's favourite foods on the graves, rented bands palying their favourite songs, balloons on the childrens graves, dancing, fires and costumes. Weird, interesting, fascinating, but it felt like we were trespassing onto their private grief. The day after we had a look around on a city sightseeing tour, and really discovered how beautiful Mexico City is, with all it's hidden elements telling tales of a rough and interesting history.

The day after we were supposed to fly to South Africa. We started talking about how much we've enjoyed Central America and it was revealed that neither the Tiger nor the Bear felt ready to leave this continent yet. Put in short: we rushed to the airport, cancelled our tickets to Africa and bought new ones to Nicaragua. We really like travelling and know that once we've been here, we probably won't go back for a while. There are so many new places to see. So why not spend some more time while we are here to see and do all we want to, then next time we will go to Africa and spend even more time there. Nice plan, huh? But we are still going to uganda for Christmas :)

The last day were spent on shopping and trying to send some stuff home to lighten our backpacks. This proved to be more diffficult than first thought. We ended up running through the whole city, first in search for boxes, then for wrappings, then for the post, then for an atm to get cash to pay for the insanely amount of stamps (how about making stamps with higher value?!). When we finally had it all the post office were, of course, closed. It all ended with a hurried visit to the post office the next morning on our way to the airport. After waiting forever for them to open, we managed to send our packages and then hurried on to reach our flight to Nicaragua.

In the last minute we rushed to the check in at the airport. The check in to our transit in Guatemala went fine, but getting into Nicaragua was worse. Apparently one have to have a return ticket to enter Nica. But we planned to leave the country by bus. After a long argument we decided to go to Guatemala and continue our fight with the company there. BUT had we paid the tourism fee? "What fee?" Apparently (again) we were supposed to go into a bank in Mexico and pay some kind of a fee, which we of course hadn't since no one had told us to (they might have mentioned something in spanish, but our spanish skills are still not the best unfortunately). By this point the woman behind the desk were getting quite stressed and frustrated and after the Bear had convincingly insisted that they had in fact paid the fee, honest..., she signed the papers and gave us our tickets while mumbling "I really need my breakfast now...". In the airport in Guatemala the Tiger took charge and made the people in the office realise that they could not legally deny us access into Nicaragua, even though we didn't have return ticket. After all we did not plan on settling in Nicaragua, we just wanted to surf a bit. And finally we were on our plain to Managua.

Despite all obstacles we finally made it to Nicaragua! Next: The Bear and the Tiger learn how to surf! Hurray!

tirsdag 24. november 2009

Me fann Paradis!!

Lanquin


Saman med dei to andre norske jentene vendte me nasa mot Lanquin. Me hadde allereie fått anbefalt eit hostel her, som skulle være heilt fantastisk, men dei andre jentene hadde høyrt om eit nyopna hostel som skulle være enno betre i fylgje rykta. Me bestemte oss for å sjekke. Det me fann overgjekk alle forventningar! Verkeleg ein av dei finaste stadane me har sett! Høgt oppe på ein åskam låg hostellet, med ei fantastisk utsikt utover ein dal og elva som rann i botnen. Takdekt barområde med
hengekøyer og upåklageleg stemning, knallgod mat (steinovnsbakt pizza langt ute i skauen er luksus!) og det koslegaste personellet! Og ein må ikkje gløyme dei beste dusjane me har sett, kokvarme, med halv vegg open ut mot dalen kunne ein nyte
solnedgongen mens ein vaska av seg skit og støv etter dagens herjingar. Herlig! Hostel Zephyr i Lanquin er absolutt ein stad ein kan gøyme seg vekk og lett verte sittande fast, noko me nesten gjorde.

Den galne israelske gjengen kom etter, og saman med desse, dei to fine norske Ingrid og Eva, dei sjarmerande og søte eigarane engelske Chris, svenske Elle og aussie Kane, hadde me ei fantastisk lita veke her. Tubing i elva, grottevandring/-svømming og
bading i Semuc Champey (den vesle bjørnen hoppa ned ein 12 m høg foss! Stolt!), større inntak av Cuba Libre om kvelden og ut i dei tidlige morgontimane saman med late night israleli jam sessions, korttriks og nattelange happy hours. Slik fauk dagane avgårde. Bjørnen fekk også endeleg slengt seg på ein rafttur, saman med ein vill gjeng frå Guatemala City. Det var trist å reise derifrå, men her kjem me garantert tilbake!! Om enn berre for å låne dusjen...

Einaste dempar på opphaldet var at både bjørn og tiger antakeleg fekk i seg nasty parasittar etter badinga i Semuc Champey og endte opp med å måtte haste til legen i Coban, etterfulgt av eit par dagars elende på eit hotel der. Men me øvelevde det og,
vart nokonlunde ok og byrja reisa opp mot Mexico City, via Flores og Palenque. Som de nok har fått med dykk, så endra reiseplanane våre seg på vegen, men det får dykk høyre meir om snart :)







In english:

Lanquin
What a PARADISE!

Together with the two other norwegian girls we met in Antigua we went to Lanquin and Semuc Champey. We had already been recommended a hostel in Lanquin wich were supposed to be fantastic, but the other girls had heard of a new place that should
be even better. We decided to check it out. We were not disappointed! It was really one of the most amazing places we've seen! High up on a hill overlooking a valley with a nice river in the bottom, bar-area covered by a roof, with hammocks, great food and always a good atmosphere. Much thanks to the great staff! And not to forget the showers. With only half a wall on ne of the sides, you could have a steaming hot shower while enjoying an amazing view over the valley, especially beautiful when looking at the sunset! Hostel Zephyr in Lanquin is a place you can easily loose yourself and just get stuck. We almost did.

The crazy israeli group from Antigua also showed up after another day. Together with them, the two wonderful norwegian girls, Ingrid and Eva, the charming owners and staff, Chris, Elle and Kane, we had some wonderful days here. Tubing in the river,
cave-swimming and sightseeing in Semuc Champey, high consuming of Cuba Libre in the night until the mornings mixed with late night israeli jam sessions, cardgames and everlasting happy hours. And the days flew by. The little bear finally got herself on the river on a raft trip with some crazy people from Guatemala City. Great fun! So sad to leave this place, but we will come back! If only to use the showers...

Only bad thing was that both the bear and the tiger got some nasty parasites from the water in Semuc Champey and ended up with rushing to Coban to see the doctor, followed by a couple of days in parasite-hell in a hotelroom, not having any strength to do anything but watch TV. But we survived, got better and left for Mexico City, via Flores and Palenque. As you probably have discovered we changed our travel-plans and never got on the plane to South Africa, but more about this later :)

mandag 23. november 2009

Stilig og mjuk og luktar godt!

Antigua!

Me ankom Antigua seint på kvelden etter ei lang reise frå Livingston. På båten frå livingston til Rio Dulce møtte me ein annan nordmann, ein austlending kalla Karl, som også skulle til Antigua. Kosleg fyr som tok oss med på ein super liten
pizzarestaurant når me kom fram. Knallgod pizza og god gammal rock i bakgrunnen gav god stemning, men me var alle slitne og tok tidleg kveld.

Fyste dagen i Antigua var sløv og herlig. Nokon dagar er det nok å berre ete god mat, lese gode bøker, slappe av og berre kikke litt rundt. Bjørnen sløva på hostellet når Tiger'n kom hoppande in døra med følgjande utrop: "Lukt meg!!" What?
Tiger'n hadde funne ei fantastisk hippie-sjappe full av spanande velluktande oljer. Herlig! Innehavaren med armen i fatle fekk oss kjapt hekta etter fyst å ha analysert oss ut ifrå stjerneteikn. Mystisk kor bra det stemte. Etter å ha lukta oss sprø på alle rare oljene og anna snubla me ut i reine luktrusen med parfymeoljer, fuktighetsoljer, oljer mot mygg og små "drops" som skulle halde sur svettelukt vekke frå sekkane våre. Trengs. Artig sjappe, artig mann, artige ting! Kvelden gjekk med til meir god mat og eit lite barbesøk, sprita opp av menn i kjole på jakt etter stader med "ladies night". Nice!

Dag to traska me oppover mot vulkan Pacaya saman med to andre norske jenter og ein haug ville, men supertreige, israelarar og to sure engelskmenn. Vulkanen var bratt og tåkete, med svært ustabilt grusete underlag, men veldig flott, kjempevarm, fin utsikt og eit fascinerane månelandskap. Kjentes ut som om me var vorte små hobbitar som streva oss på veg mot Mordor! Vel oppe kunne me grilla marshmellows over lavaen. Det var så varmt at me kjente håra svi av leggane. Mykje betre enn shavings! Turen heim i mørket var spanande og utfordrande der me omtrent ramla oss ned fjellsida. Ein veldig fin tur!

Vel framme hadde me ein svært artig kveld ute saman med Roberto, ein lokal restauranteigar (lunsjen på hans restaurant var fantastisk! Santa Maria er navnet, om nokon skulle reise til Antigua. Anbefalast!). Me snakkar ladies night med gratis cuba libre og live cubansk salsamusikk! Kvelden vart toppa med nattmat beståande av vanvittig god spinatfylt ravioli i restauranten til Roberto. Veldig god avslutning på opphaldet vårt i denne fine byen. Godt mogleg me kjem tilbake :)






In english:

Antigua
We arrived in Antigua late in the evening, after a bus ride from Livingston. On the boat from Livingston to Rio Dulce we met a fellow norwegian, Karl, also going to Antigua. A really nice guy who took us to a great small pizza restaurant. Delicious pizza and good rock music in the background gave us a good evening, but we were all tired and went early to bed.

Our first day in Antigua was nice and slow. Some days it's enough just to look around, eat good food and read a book. The Bear was back at the hostel, relaxing, when the Tiger came jumping in shouting "Smell me!" What? The Tiger had found a fantastic hippie-shop full of exotic oils. The owner did not have a hard time with these two customers and we left the place loaded with moisturising oils, perfume oils, scented wax etc. The night came and we hit the town, ending up in a bar with nice live music, suddenly accompanied by some dudes in dresses. Ladies night doesn't discriminate the bold in Antigua.

Day two. Together with two other norwegian girls, a bunch of crazy (and super-slow) israelis and a grumpy english couple, we climbed the vulcan Pacaya. It was steep, foggy, unstabile and sandy, but very beautiful, mystic, hot!, with an amazing view in between the clouds. It was like walking on the moon sometimes, and the Bear felt like she were a hobbit on her way to Mordor. On the top we could actually barbeque marshmellows over the lava, running beneat the stones we walked on and free flowing just a meter away! No need for shaving our legs here, they were all burned off. The road back downhill was a fun challenge in the dark, but we all made it safe down again. A great hike!

Back in Antigua we went out with Roberto, the owner of a local restaurant called Santa Maria. His food is amazing!! The night consisted of the perfect combination of ladies night with free cuba libres, live cuban music and salsa. To top it off Roberto opened his restaurant for a light nightly snack; ravioli filled with spinach and garlic bread. Beat that one at 2 am! An excellent ending to our stay in this beautiful city. We might come back :)

lørdag 7. november 2009

Info

For dei av dykk som enno ikkje har fått det med seg, Me reiste ikkje til Sør-Afrika likevel. Me fann ut me ikkje var heilt ferdig med Mellom-Amerika enno, så me droppa billettane til SA og reiser heller direkte til Uganda 14. desember.

Nett no er me i Nicaragua og lærer oss å surfe, noko som går ganske bra så langt, og neste veke dreg me til Honduras for å dykke.

Me har det framleis heilt fantastisk! =)


****************************


For those of you who have not heard, we never went to South-Africa.
We figured we were not quite ready to leave Central-America yet, so we cancelled our tickets to SA and are going directly to Uganda in December.

At the moment we're in Nicaragua trying to learn how to surf. Doing pretty good so far.. Next week we're going to Honduras to dive.

Still having a great time! =)

Hotsprings og Garifuna

Rio Dulce
Sliten og forvirra vart me jaga av bussen med beskjed om at dette er Rio Dulce, her skal de av. Som vanleg vart me øvefalt av folk som sku ha oss til å bu der og der med lovnad om gratis skyss og greie. Me hadde allereie besemt oss for eit hostel, og heldigvis var Amots sine spansk-skills gode nok til å forklara dette.
Vel innlosjert på Hotel Backpacker (som støtter ein barneheim) gjekk tiger'n for å få litt fôr medan bjørnen kasta seg i elva. Hostelet låg nydeleg til på elvebredda, like nedfor brua, med halve konstrukjonen på pilarar uti elva. Ja, me sov faktisk over elva.. =) Ein kosleg kveld som seg hør og bør med kortspel, vin og villeiande strofar om hopping fra brua og fuglane i sky.
Dagen etter sette me oss på bussen til varmekjelda Finco Paraiso. Utan heilt å veta kva me gjekk til vart me mållause då me kom til kjelda. Det er ei kald elv som kjem rennande gjennom skogen, med ein stor kulp der elva frå varmekjelda kjem ned. Ca 40º C gav bra temperatur til kulpen. Det heile var eit naturleg spa utan mange folk. Det var lett å bruka nokre timar her..
Seinare på dagen vendte me nasa mot Livingston.





Livingston
På båten på veg til Livingston kom me i prat med Laura, ei amerikansk jente som jobba med geo-turisme i Livingston. Ho lurte på om me hadde bestemt oss for kvar me skulle bu, viss ikkje hadde ho eit bra hostel som nabo. Me vart fort øvebevist og traska etter henne fra havna. Det viste seg å vera eit supert hostel med den koslegaste eigaren, Ivan frå Chile. I tillegg til hostellet dreiv han eit barnebibliotek i fyrste etasje, så ved å bu der støtta me drifta av dette.
Laura va ikkje verre enn at ho inviterte oss til middag. Der fekk me og møta romvenninna hennar, Mitsy. Det jobbar i same prosjekt og hadde mykje spanande å fortelje. Ein koseleg kveld der me fekk mange gode tips om kva det var å gjera i Livingston.
Dagen etter meldte me oss på eit matlagigskurs på kultursenteret Rasta Mesa. Dette er eit kultursenter som lærer dei lokale ungane og turistar om Garifuna-kulturen. Dei har matlagingskurs, dansekurs, trommekurs og kunstkurs og sel ein del av det ungane lagar som souvenir til turistar. Tiger'n gjekk bla til innkjøp av ein kokosnøtt-ring og bjørnen bekk seg ei lita tromme til å henga rundt halsen.
Matlagingskurset var kjempemoro. Me laga fiskegryte og kyllinggryte med kokosnøttris. Kjempegodt! Etter middag kom det nokre folk og spelte for oss. Me prøvde å læra oss å dansa punta, men norske hofter er desverre ikkje designa for slik aktivitet.. Me gjekk på det lokale diskoteket sammen med gjengen frå Rasta Mesa. Dansinga tok fullstendig av og me hadde det kjempemoro til langt på natt.
Slitne etter nattas utagering tok me neste dag på stranda. Hadde med oss ei frivillig frå Rasta Mesa, og den nye veslesøstera hennar, 9 år gamle Sabrina. Bjørnen og Sabrina fann fort tonen då begge to er like begeistra for å vera i vatnet (meir under enn over). På kvelden inviterte Mitsy oss med på ei lokal pokerturnering. Veldig spanande for to som aldri har spelt poker før. Tiger'n gjorde det ikkje så bra og var fsytemann ut av spelet. Bjørnen klarte å klamra seg fast ei god stund til, men måtte sjå seg slått til slutt. Det var uansett gledeleg at det var Shahar som stakk av med fyrsteplassen.
Siste dagen laga me ein fatastisk avskjedslunsj før me skulle dra i kvar vår retning. Inspirert av matlagingskurset laga me ris med grønnsaker kokt i kokosmelk og skteikte reker/scampi til. Nydelig! Og ein perfekt avslutning på eit koseleg reisefølge. Shahar og Amots sku til Honduras og dykka medan bjørn og tiger vendte nasa mot Antigua.




In english:

Rio Dulce
Tired and a little confused we got of the bus in Rio Dulce. By the help of Amots spanish skills we found our hostel nicely placed on a dock by the river. When settled in at the Hotel Backpacker the tiger got some food while the bear plunged into the river. Later followed an evening full of wine, cardgames and crazy talk about jumping from the bridge, too many birds in the sky and whatnots. Damn confusing and so much fun!

The day after we went to check out the hotsprings in Finca Paraiso. Without really knowing what we'd find we were completely blown away by this pearl of a natural spa. There is a ising cold river coming down through the woods and into it falls a waterfall containing water at least 40 degrees celsius! This made the natural pool in the bottom really nice and warm. With almost no people (and those who were there were mostly locals) it was a perfect place to spend some hours in what felt like a heaven. Later that day we headed of to Livingston.

Livingston
On the boat to Livingston we met Laura, an american girl working on a geo-turism project in Livingston. She shoed us to a nice little hostel were all the benefits went to the childrens library on the first floor, run by the nice chilean Ivan. Still travelling with the two israeli guys we all got invited to Laura's for dinner. There we met Mitsy, who's also working on the project, trying to bring a closer connection and mutual benefits to turists and local Garifunas. They both gave us goodt tips on what to do while staying in this charming caribbean village.

The day after we followed one of their advises and signed up for a Garifuna cooking class at the local cultural center called Rasta Mesa. It's a youth-center providing classes and entertainment for both local children and turists, with classes in cooking, dancing, drumming and making artifacts. The pieces of local art made by the children here are sold as souvenirs to the tourists. We like!

The cooking class was great fun! After making a superb fish stew, chicken stew and coconut rice from scratch, we had some drummers come and entertain us and also trying to teach us some local dances, including the Punta. As it is mainly shaking your hips as wildly as you can it was hillarious, but having the norwegian stiffness syndrome it was very very difficult. At least the locals got a good laugh. After the cooking and dancing we proceeded on with the locals to the traditional disco down bu the beach. One of the men could tell us that he first went to this disco with his grandmother! Truly a wild and old tradition this sunday disco. We practised our newly learnt dancing skills and had a crazy fun night until the early morning.

Slightly reduced after the previous nights festivities we spent the following day on the beach, taking with us the lovely Ezra, a voulunteer at Rasta Mesa, and sweet Sabrina, one of the kids there. We all had lots of fun in the water, especially the bear and Sabrina who found a shared love for playing in the sea and so spent more time under than above the water. In the evening we were invited to a small poker tournament by our new friend Mitsy. So from dancing with the rather poor local garifunas we went on to play poker with the rich kids at the owner of one of the finest hotels in Livingston. Very exciting for two who had never played proper poker before! The tiger didn't exactly rock and fell out as first, but the bear did fairly good, holding on til the middle. The big hero of the night were our israeli friend Shahar who won the whole shabang! Congrats!

Last day went on with a long relaxing breakfast (the bear actyually fell asleep on the couch in the restaurant) and then an amazing good bye-lunch. Inspired by our cooking class we made rice and veggies boiled in coconut milk, with fried shrimps (bought directly from the fishing boats the same morning). Delicious! A perfect ending to our shared journey before saying farewell to our israeli friends. Shahar and Amots headed off to Honduras for some diving, while we got on a bus to Antigua.