Antigua!
Me ankom Antigua seint på kvelden etter ei lang reise frå Livingston. På båten frå livingston til Rio Dulce møtte me ein annan nordmann, ein austlending kalla Karl, som også skulle til Antigua. Kosleg fyr som tok oss med på ein super liten
pizzarestaurant når me kom fram. Knallgod pizza og god gammal rock i bakgrunnen gav god stemning, men me var alle slitne og tok tidleg kveld.
Fyste dagen i Antigua var sløv og herlig. Nokon dagar er det nok å berre ete god mat, lese gode bøker, slappe av og berre kikke litt rundt. Bjørnen sløva på hostellet når Tiger'n kom hoppande in døra med følgjande utrop: "Lukt meg!!" What?
Tiger'n hadde funne ei fantastisk hippie-sjappe full av spanande velluktande oljer. Herlig! Innehavaren med armen i fatle fekk oss kjapt hekta etter fyst å ha analysert oss ut ifrå stjerneteikn. Mystisk kor bra det stemte. Etter å ha lukta oss sprø på alle rare oljene og anna snubla me ut i reine luktrusen med parfymeoljer, fuktighetsoljer, oljer mot mygg og små "drops" som skulle halde sur svettelukt vekke frå sekkane våre. Trengs. Artig sjappe, artig mann, artige ting! Kvelden gjekk med til meir god mat og eit lite barbesøk, sprita opp av menn i kjole på jakt etter stader med "ladies night". Nice!
Dag to traska me oppover mot vulkan Pacaya saman med to andre norske jenter og ein haug ville, men supertreige, israelarar og to sure engelskmenn. Vulkanen var bratt og tåkete, med svært ustabilt grusete underlag, men veldig flott, kjempevarm, fin utsikt og eit fascinerane månelandskap. Kjentes ut som om me var vorte små hobbitar som streva oss på veg mot Mordor! Vel oppe kunne me grilla marshmellows over lavaen. Det var så varmt at me kjente håra svi av leggane. Mykje betre enn shavings! Turen heim i mørket var spanande og utfordrande der me omtrent ramla oss ned fjellsida. Ein veldig fin tur!
Vel framme hadde me ein svært artig kveld ute saman med Roberto, ein lokal restauranteigar (lunsjen på hans restaurant var fantastisk! Santa Maria er navnet, om nokon skulle reise til Antigua. Anbefalast!). Me snakkar ladies night med gratis cuba libre og live cubansk salsamusikk! Kvelden vart toppa med nattmat beståande av vanvittig god spinatfylt ravioli i restauranten til Roberto. Veldig god avslutning på opphaldet vårt i denne fine byen. Godt mogleg me kjem tilbake :)
In english:
Antigua
We arrived in Antigua late in the evening, after a bus ride from Livingston. On the boat from Livingston to Rio Dulce we met a fellow norwegian, Karl, also going to Antigua. A really nice guy who took us to a great small pizza restaurant. Delicious pizza and good rock music in the background gave us a good evening, but we were all tired and went early to bed.
Our first day in Antigua was nice and slow. Some days it's enough just to look around, eat good food and read a book. The Bear was back at the hostel, relaxing, when the Tiger came jumping in shouting "Smell me!" What? The Tiger had found a fantastic hippie-shop full of exotic oils. The owner did not have a hard time with these two customers and we left the place loaded with moisturising oils, perfume oils, scented wax etc. The night came and we hit the town, ending up in a bar with nice live music, suddenly accompanied by some dudes in dresses. Ladies night doesn't discriminate the bold in Antigua.
Day two. Together with two other norwegian girls, a bunch of crazy (and super-slow) israelis and a grumpy english couple, we climbed the vulcan Pacaya. It was steep, foggy, unstabile and sandy, but very beautiful, mystic, hot!, with an amazing view in between the clouds. It was like walking on the moon sometimes, and the Bear felt like she were a hobbit on her way to Mordor. On the top we could actually barbeque marshmellows over the lava, running beneat the stones we walked on and free flowing just a meter away! No need for shaving our legs here, they were all burned off. The road back downhill was a fun challenge in the dark, but we all made it safe down again. A great hike!
Back in Antigua we went out with Roberto, the owner of a local restaurant called Santa Maria. His food is amazing!! The night consisted of the perfect combination of ladies night with free cuba libres, live cuban music and salsa. To top it off Roberto opened his restaurant for a light nightly snack; ravioli filled with spinach and garlic bread. Beat that one at 2 am! An excellent ending to our stay in this beautiful city. We might come back :)
mandag 23. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kjempekjekt å lesa om nye eventyr.;)
SvarSlettHåpa du har shopa mangen rare oljer vesle tiger.
God tur vidare..;)