torsdag 24. september 2009

Cuba libre





På flyplassen stod ein kar med eit Kilroy-skilt i handa. Det viste seg at han hadde i oppgåve å skaffa oss ein taxi som trygt
skulle køyre oss til hotellet. Dette ante me ingenting om på førehand, men var tydelegvis ein del av visumpakken til Kilroy.
Etter å ha installert oss på hotellet tusla me ut for å sjå oss om. Målet var å finna ein bokhandel me kunne kjøpa ei giudebok
om Cuba hjå. Då me sat og åt frukost neste dag kom ein kar og presenterte seg som guiden vår. Me såg på han som om han nett va
stege ned frå himmelen. Nei, me hadde ikkje vorte opplysa om det heller, at visumpakken inneheldt ein guida tur rundt i Habana.
To andre norske skulle og vera med på turen. Alejandro, guiden vår, viste oss masse spanande. Revolusjonsmuseet, Granma Memorial
(der dei har stilt ut den verkelege båten Che og gjengen kom til Cuba med), det mislykka fortet, verdas einaste gate av treklossar,
vannhullet der ein får så mykje gratis vatn ein berre orkar (det er sjølvsagt lov å tipsa han som jobbar der), restaurant med
eige bryggeri, sjokolademuseum (NAM!), verdas beste mojito og rom-museet. På kvelden vendte me att til rom-museet for å sjå Buena
Vista Social Club spele. Veldig bra!
Neste dag bydde på salsakurs. Bjørnen var kjempegira, tigeren litt meir skeptisk.. Men på eit vis fekk me det til. Møtte Nils
og Brabara til ein god middag (kjem i eige innlegg).
Laurdagen gjekk me på revolusjonsmuseet. Mykje interessant, men det var desverre så varmt at på slutten berre skumma me gjennom.
Bjørnen fekk handla seg bøker på eit bruktbokmarked på Plaza de Arma. Me måtte sjølvsagt nytta høvet til ein kald sjokolade
på sjokolademuseet, og i køen der slo me oss saman med to jenter frå belgia. Dei hadde mykje tips å koma med både om Cuba og Mexico.

Søndag kl 07.20 vendte me nasa mot Trinidad. Nesten fem timar på bussen tar på, og det hjelpe ikkje at ein vert overfalt av folk
som vil du skal bu i deira "Casa" med ein gong du stig ut av bussen. Me vart med ei dame som verka hyggeleg, og det viste seg
å vera eit veldig godt valg. Me har heile andre etasje for oss sjølve, med to balkongar og takterrasse, eige bad, stova, kjøkken
og to soverom. Og maten dei severer oss! Får vatn i munnen berre av å tenkje på det. Gjekk og rusla litt rundt i gatene på
søndagen og kunne ikkje forstå kvifor det var så stille over alt. Fyrst etter to timar kom me på at det var søndag.. ;) Ein eldre
kar bydde på kaffi, og då var ikkje bjørnen vanskeleg å be. Enda med at me kjøpte to smykker og eit armbamd hjå han.
Mandag drog me til stranda. Nydeleg plass med lite folk og til og med ledig parasoll. Kosa oss der i mange timar. Då me skulle
gå for å eta lunsj, opna alle slusene seg. Det hølja ned noko heilt voldsomt! Stakkar bjørnen sprang tilbake for å pakka saman
tinga våre, men vart tvinga til å søke ly under nokre tre. Regnet brakte med seg mykje liv. Då det var over var det fuglar,
eremittkreps og krabbar over alt på leit etter mat.
Kom tilbake til ein fantastisk middag. Begge åt så mykje at me hadde problemar med å bevege oss. Etter ei stund klarde me så
vidt å traska oss avgårde til Casa de la Musica. God livemusikk og gode, men dyre drinkar (kan ta seg betalt av turistane, veit du..)

Trinidad var verkeleg ein fantastisk by. Tusen takk til Kristine som tipsa oss om den!
I morgon dreg me til Viñales for litt naturopplevingar, men i kveld; bursdagsfeiring i Habana! =)

Take me home, country road, to the place where I belong, West Jamaica...!






Toots and the Maytals visste kva dei sang om når dei endra den populære sangen. Me fann kjapt ut at me hadde "spart" det
beste til slutt på Jamaica. Desverre. Me kom fram til Negril seint mandag kveld. Me hadde funne eit hostel på nettet som såg
greit og billeg ut, men dei billege romma var desverre teken. Me vart henvist til over gata der me vart tilbudt hytter til
om lag 50 usd. Me pruta det ned til 30 usd, sidan det var lavsesong, og for ei perle det viste seg me hadde funne! Hytta vår
hadde ein terrasse med utsikt. Utsikta strakte seg eit par meter over plenen, som møtte sanda, som forvann ut i havet.
Me budde bokstavleg talt på stranda! Idyll! Dei viste oss ein stad over gata der me fekk kjøpt oss ein god lokal middag i
svære porsjonar. Nam! Her gjekk me tilbake for frukost neste morgon. Frukosten minna bjørnen svært om sine forhenværande dagar
i Uganda. Stivelse, stivelse og litt meir stivelse. Men likevel oh så godt! Men litt mykje for våre små magar. Noko den gamle
rasta-taxisjåføren me hadde til selskap kommenterte stadig. Hihi! Etter frukost tusla me langs den 7 miles lange stranda, som
Negril er kjent for, mot sentrum. Å tusle avgårde med tena (tærne ja.) i det karibiske hav er berre fint fint fint! Her fekk
me selskap av ein lokal gut med ein bærbar dvd-spelar. Han presenterte seg som reggea-artist, spela musikkvideoar for oss på
vegen og tok på seg oppgåva som guide i byen. Han tok oss med til fiskemarknaden, souvenirsjappene og gjennom den vesle byen.
Me var også innom ein skule, brasa inn i klasserommet og forstyrra dei stakkar lærarane i timen sin. Artig for oss og borna,
sikkert frustrerande nok for dei. På ein bar me var innom for å vente på at regnet skulle gje seg, fekk me ei innføring og
visuell framføring i korleis ein skikkeleg jamaicansk spliff skal rullast. Obligatorisk. Men skikkelege jenter som me er,
nøgde me oss med å sjå på.

Etter ei pause tilbake i hytta rusla me på nytt inn mot sentrum for å shoppe litt souvenirar. Men på vegen kom me i prat med
ein rastafari av den eldre sorten. Han presenterte seg som Rasta-Gajoe og spurte om han ikkje kunne få vise oss rundt opp i
fjellsida, kor heimen hans var og hippiane før haldt til. Det var nemleg hippiar som først oppdaga Negril på 60-70 talet. Dei
kom her, campa på stranda eller budde saman med rastafariane i fjellsida, laga mat saman og røyka ganja. Rasta minnast det
som gode gamle dagar, me trur han og tenkte som me har tenkt før; Me er desverre født nokre tiår for seint. Gajoe fortalde
oss mykje om rastafari-kulturen. På vegen opp til fjellet visa han oss mange forskjellige plantar og fruktar, fortalde korleis
dei brukte dei, og kva dei var godt for. På toppen fekk me sjå ein utruleg utsikt. Det karibiske hav som glitra,
litt av byen, og den flotte naturen som strekke seg frå Westmoreland til H***. Han fortalde at mange dyrka ganja på myrane,
dei drenerte eit passe stort område og lagde seg stiar av treplankar som dei tok med seg. Dette gjorde det vanskeleg for
politiet å ta dei. Han tok oss så med og viste oss huset sitt. Eit lite skur delt i to rom, med to sengar, eit bord og
nokre stolar, sjølvagt utan straum og innlagt vatn. Enkelt, akkurat slik han ville ha det. Ved sida av stor det nokre små
hytter. Desse leiger han ut for US$20 per natt. Inni krattet bak desse hyttene hadde han ganja-plantasjen sin. Det stod berre
nokre få plantar igjen sidan han nettop hadde hausta ein god del, men nye skudd var i vekst i nokre potter han hadde. Han fylgde
oss ned att via baksida av fjellet så me kunne få sjå enno meir. Me var med han i nesten tre timar. Tre timar vel verdt dei
pengane han skulle ha for det. Dersom me kan bidra til at han kan sitja på trappa si og nyta utsikten og røyka ganja, klart
mebetalar! ;) Trøytt og svært nøygd tok me tildleg kveld før reisa fortsetta vidare til Cuba neste dag..

Det er ingen tvil om kvar me fer når me kjem til Jamaica att..


##########


Our last day on Jamaica were spend in the place we should have started; amazing Negril! In this pearl on the west coast of the island we stayed in a cabin literally omn the beach. Just get up in the morning, go out, cross the lawn, feel the sand under your feet and walk right into the caribbean sea. Oh yeah!

Here we had a wonderful day, starting with a heavy, but delicious, local breakfast, followed by a walk towards the town center along the beach, with our feet in the water. There we met a boy carrying a portable dvd player. Claiming to be a local reggae-artist he took on the job of guiding us around the town while playing music videos as we walked. A nice tour that contained a trip to the fish market, the souvenir area, around the town and disturbing a some school kids and their teachers by just walking right into their classrooms. Nice for us, maybe a bit irritating for them :) Afterwards we got the compulsory lesson in how to make a proper spliff. Don´t worry parents... we are good girls, no smoking for us, just looking :)

The second part of the day were by far the most memorable. Walking around in town we bumped into a rastafari. He presented himself as Rasta-Gajoe and wondered if we were interested in a tour up in the hill were he lived, and were the hippies used to hang out. It was the hippies that first "discovered" this peaceful place in the 60´s and 70´s. Back then they lived together with the local rasta´s. slept in their houses, cooked together and smoked together. The good old days. Now it has sadly been replaced with rich tourist staying in all inclusive hotels, seeing nothing but pools and fancy restaurants, giving nothing back to the local communities. Gajoe gave us a fantastic tour, showing us so many different plants and teaching us what they were and how it could be used for all kinds of different things. He also taught us about the rastafari culture and the ways of a simple, peaceful life. It was an amazing view, and on the top, on Zion Hill, he had his house. No water, no electricity, just two rooms, a couple of cottages he rented out and a shack that was once before a small bar, before a hurricane destroyed it. He gathered rainwater and cooked on coal, grew lots of different fruits and vegetables in his garden. And of course he had his marihuana palntage in the woods behind his house, from which he would get his ganja, sitting on his porch, smoking and chilling. Everyday. The good simple life of a happy rastafari.

Negril, we will be back!

Ya, man!

Me sikra oss veeeldig god tid på flyplassen i Miami før avreise til kingston, Jamaica. Av erfaring. Og godt var det!
Etter kjapp og grei innsjekk gjekk me til British Airways skranken for å sjekke om bjørnen hadde dei riktige papira,
forsikringsmessig, slik at ho får dekka utgifter ved forsinka bagasje. Superdama frå hin dagen tok ein rask sjekk for
å forsikre seg om at sekken min var i Kingston, men det var den sjølvsagt ikkje. Den var sendt tilbake til Miami.
Heldigvis hadde me tid til å sjekke den inn i tillegg. Og me kom oss omsider til Jamaica. Hurra! Etter over ein time i
passkontroll-kø vart me møtt av ein blid bamse på utsida. Me hadde tatt kontakt med den snille David Parkes gjennom
våre fine venar, Sarifa og Peder. Han viste oss all gjesmildhet som Jamaica ha å by på. Ein liten sightseeing, middag og
velkomstdrink rakk me før me krølla oss i saman i stova hans for natta. Tenk å opne heimen sin slik til folk ein ikkje
kjenner eingong! David fann eit fint lite hotell til oss dagen etterpå, sentral og trygt. Kingston er jo ein belasta by,
der sjølv lokale vegrar seg for å gå åleine down town. Men me budde innanfor trygge gjerder, med basseng og bar. I løpet
av våre dagar i Kingston fekk bjørnen besøkt strippeklubb (og yeah, skal me sjå det verkelege Kingston so må man berre
hoppa i det. Og her vanka både menn og damer. Litt som ein nattklubb med halvnakne betalte damer. Svært fascinerande, men
litt ukomfortabelt.), begge fekk prøvd seg på kasino (eller "gaming club" som dei kallar det der. Casino er ikkje lovleg, so
då skiftar dei berre namn.), ete god mat, drukke rom og cola, tusla i fine zoologiske og botaniske hagen, lærte om piratar og
spansk innflytelse gjennom informative utstillingar på Institute of Jamaica og hadde ein bratt og svingete, men fin kjøyretur
opp til Strawberry Hill. Restauranten me skulle til der var desverre stengt, men utsikta var fantastisk og vegetasjonen
langs vegen flott, så det var slettes ikkje ein bortkasta tur likevel. Og sist, men ikkje minst, besøkte me Bob Marley's
tidlegare heim i Kingston, som kona hans har gjort om til museum. Her fekk me ein guida tur gjennom eigendommen, med mykje
god informasjon om Bob's liv og musikk. Anbefalast! Ellers vart det litt plasking i bassenget, drinkar, øl, god mat og
mange koslege samtalar med nye vener.

Overarbeida David jobbar hardt og trengte sårt litt tid til avslapping og nedstressing. So når han ville ta oss med til Ocho
Rios på eit "all inclusive"-hotell var me skeptiske, men vart med likevel. To dagar i fullstendig luksus var vel ikkje heilt
oss, men me hadde ei fin tid med masse plasking i bassenget (bjørnen kan no gå på nevane under vatn.), lett padling utpå
havet, sløving i sola, masse gos mat (ein liten veggis-himmel faktisk) og snorkling. Fine fargerike fiskane! Det vil me gjere
meir! Ellers masse rom (måtte til for å tåle alle dei bleikfeite britane som velta seg på bassengkanten), nokre nye
bekjentskapar og skravling i hytt og pine. Me nytte det så godt me kunne, men det var likevel godt å sei farvell til luksus-
livet og hive seg på bussen til Montego Bay. Koslege Chris heldt oss med selskap siste dagen og var snill og kjøyrte oss til
bussen. Han tok vårt farvell nokså tungt og har til dels telefontorturert den vesle bjørnen i etterkant. (Ikkje oppmuntra!
Heilt sant!) Men me var glade og fornøgde der me vendte nasa vestover mot vårt siste mål på Jamaica; Negril.






By experience we made sure to have good time at the airport in Miami before departuring to Kingston, Jamaica. And good thing we did!
After a quick and easy check-in, we went to the British Airways desk to check if the little bear had all documents required for the insurancecompany to cover the expenses due to her delayed luggage. The superlady from the day before took a quick check to see if her bag was still in Kingston, wich, of course, it was not. They had returnet it to Miami.. Luckily we had time to check-in that one as well, and finally we arrived in Jamaica! Hurray! After more than an hour queing for immigration, we met a smiling man. Through our good friends, Peder and Sarifa, we made contact with David Parkes. He showed us all the hospitality Jamaica had to offer. A quick sightseeing, dinner and a welcoming-drink before we curled up for the night in his livingroom. Imagine opening your home like that to people you don't know!
The next day David found us a nice little hotel, central and safe. Kingston is not a safe city. Even locals hesitate to go down-town by themselves. But we stayed within safe fences with a swimmingpool and bar.
During our days in Kingston the little bear got to wisit a strip-club (oh yeah, if you're gonna see the real Kingston, you might as well jump to it. Both men and women came to this club. Kind of like a nightclub, only with paid, half-naked girls. Very facsinating, but uncomfortable), both of us got to try the casino (or the gaming-club as they called it. Casinos are not legal, so they change the name. Make perfect sense..), had good food, drank rum and cola, walked around in the beautiful zoo and botanical garden, learned about pirates and the spanish influence through informative exhibitions at the Institute of Jamaica and had a steap and winding, but nice drive up to Strawberry Hill. Unfortunately the restaurant we were going to was closed, but the view was beautiful, so it was not a waste of time at all. And last but not least, we visited the Bob Marley's former home in Kingston, wich his wife has turned into a musemum. We had a guided tour around the property, where we learned about bob's life and music. Recommended!
Other than that there were some splashing in the pool, drinks, beer, good food and many good conversations with new friends.

David works too much and needed some relaxation, so he invited us to Ocho Rios for an all-inclusive-weekend. We were a bit sceptic, but tagged along anyway. Two days of total luxury is not us at all, but we tried hard, and managed to have a good time. Lots of splashing in the pool (the little bear can now walk on her hands under water), kayacking on the sea, lazing in the sun, lots of good food ( a small veggie-heaven) and snorkeling. Beautiful and colorful fishes! We want to do more of this! And ofcourse, lots of rum (this was needed to bare the sight of all the fat, white british people lying around the pool), some new acquaintances, and talking here and there..
We tried to enjoy it the best we could, but it was a relief saying goodbye to the luxury and getting on the bus to Montego Bay. Nice Chris held us company the last day, and was kind enough to drive us to the bus. He took our goodbye quite hard, and have partly phone-terrorised the little bear since we left Ocho Rios (not encouraged. Promise!)
We were quite happy on our way to our last stop in Jamaica; Negril!

lørdag 19. september 2009

Kjapp oppdatering

Eit kjapt innlegg for aa sei beklagar for manglande kommunikasjon alle saman!! Me sit no i Havana, Cuba og har det kjempefint! Her har me vore sidan onsdag kveld og trivst godt. I morgon reiser me vidare til Trinidad paa soerkysten. Det har desverre vore daarleg med internett-tilgong den siste tida, difor har det vorte daarleg med oppdatering her. Men fortvil ikkje! Me har hatt det supert paa Jamaica (og her ogsaa, til no) saa det kjem nokre fine innlegg saa snart me faar kobla til vaar eigen pc. Lovar!!

Saa foelg med! Ikkje gje oss opp heilt enno :)
...men no er det tid for smaa bjoernar og tigrar aa legge seg. Natta!

Klem til alle heime fraa den vesle bjoernen og den vesle tigeren

torsdag 10. september 2009

Adios Miami

Tida i Miami er over, og her kjem ei oppsumering av kva me gjorde der:

Hadde eit par dagar på South Beach, og det var nok. Altfor travelt for vår smak og berre masse folk som skal visa seg med å køyre rundt i fancy bilar og sit på dei kulaste (les: bråkete) restaurantene og drikk mojitos frå bøtter og suppeskåler. Det var veldig fint der, men hadde vore finare om alle folkene va vekke.. :P

Hadde og eit par turar til Downtown Miami. Første dagen havna me midt i ein demonstrasjon mot Chavez og for eit fritt, demokratisk Latin-Amerika. Fekk klatra opp på ein mur der me såg litt betre og stod der ei stund og følgde med på han som tala og mengden som svara med applaus og "No mas Chavez".
Vandra gatelangs for å finna ein koseleg café me kunne sitja på, men me var tydeleg i feil del av byen, for her var verken folk eller caféar.. Og så byrja det å hølje ned. Då gjekk me likegreit inn på ein butikk og kjøpte oss kvar vår kjole.. ;)
Møtte ein kar på eit gatehjørne då me venta på at regnet skulle roa seg litt så me kunne bevega oss uten å verta kliss blaut. Kevin, som han heitte, var svært hyggeleg og pratesjuk. Spurde mykje om Noreg og var spesielt interresert i helsetilbodet vårt, då Obama prøver å innføra noko liknande. Han viste oss vegen til Bayside, ei lang rekke med butikkar, bodar og restauranter. Her fekk med oss ein god middag og ei flaske vin medan været letta.

Kjende då me drog frå Miami at det var nok med 5 dagar.. Slikt byliv er ikkje for oss.. ;)



For our english speaking friends:
Our time in Miami is over and here's a short summary:

We had a couple of days in South Beach, but it was too busy for us, full of people showing off in their fancy cars, drinking mojitos from buckets and bowls in noisy restaurants. Would have been nice without all the false people... :p

Then spend a few days in Down town Miami. We tumbled over a demonstration against Chavez, for a free and democratic Latin America. Then we proceeded further into the city and tried to find a nice cafè to sit an relax a bit. Apparantly we were in the wrong part of the city, cause there were neither cafès or people. And it started pooring down. Luckily Kevin, a nice talkative american entertained us under the roof for a while, discussing health politics and giving us an insight in the american society, before he gently pointed out the way to the Bayside when the rain slowed down. With lots of small touristy shops and restaurants we found a nice place to enjoy a bottle of wine and a nice dinner.

Took an easy farewell with Miami after 5 days. This kind of citylife is not for us ;)

lørdag 5. september 2009

Welcome to Miami! Buenvenidos a Miami!

No har me hatt tre og ein halv dag i Miami, og inntrykket er:

* Da finns ikkje amerikanera i Miami, kun folk frå spansktalande land (Latin-Amerika)
* Amerikanera (og dei spansktalande) e veldig høflege, opne og hjelpsame folk
* Florida e ikkje "The sunshine State" i september. (Les: hurricane-season)
* At me e vane med regn e tull, prøv Miami-regn og du vil skjønna
* Da e varmt likevel (og like overraskande kvar gong me går ut)
* Da e kjekt å ta buss i Miami
* Sjølv om South Beach e finare/større e da kjekkare å bada på North Beach
* British Airways i Miami e kje så flinke å spora forsvunnen bagasje. Iallefall ikkje før ein møte opp på flyplassen og ber dei finna den, og då vise det seg den e på Jamaica pga feiltagging
* Frukt og grønnsake får ein berre på store supermarked
* Cola smake ikkje Cola, men colais
* Normale porsjonar finns ikkje
* Folk prøve å sjekka ein opp på gata
* South Beach e travel

Ok, her såg det ut som det var masse negativt, men fakta e at me kose oss masse i Miami. Dei som nokon gong har tnkt å reise her til, gled dykk!





After three and a half day in Miami, this is our impression:


* There is no Americans in Miami, only people from spanish-speaking countries (Latin-America)
* Americans (and the spanish-speaking guys) are very polite, open and helpful
* Florida is not "The sunshine State" in September. (Read: hurricane-season)
* We are not used to rain. try Miami-rain and you will understand
* It's warm anyway (and just as suprising every time we go out)
* It's fun to ride the bus in Miami
* Even though South Beach is nicer/bigger, it's nicer to swim at North Beach
* British Airways in Miami not that good to track luggage. At least not until you show up at the airport and ask them to find it, and it turns out it's in Jamaica because og wrong tagging
* Fruit and vegetables is only available at big supermarkets
* Coke does not taste like coke, but like coke-candy
* Normal portions does not exist
* People try to pick you up in the street
* South Beach is busy

Ok, this make Miami seem like a negative place, but the truth is we love it here. If you ever plan to go to Miami, look forvard to it!

torsdag 3. september 2009

We're just two lost souls swimming in a fish bowl

Etter ei lang natt på kvar vår benk på Heathrow fekk me i oss ein grei frukost for så å tusla gjennom sikkerheitssjekken. Eg parkerte Tiger'n på ein pub før eg foretok nødvendig små-shopping i taxfree'en. Trøtte i trynet nytte me eit glas rosèvin og ein god pale ale før take off.

Det me ikkje var klar over var at etter over 10 timar venting kan lett kjensla av tid og rom verte litt forstyrra. Med det resultat at oppslukt i nettsurfing og boklesing gløymde både den velse bjørnen og den vesle tigeren å sjekke klokka. Det enda med ein spurt gjennom ei hinderløype av korridorar, menneske og koffertar, berre for å verte avvist ved gate'n. Too late. Så der, då stod me no der, på Heathrow, etter 11 timars venting inne på flyplassen klara me faktisk å miste flyet. Me bukkar og neiar til stille applaus.

Etter mange telefonsamtalar og diskusjonar med både snille Kilroy-Suzanne og diverse representantar for British Airways fekk me booka oss inn på neste fly til Miami, 13.40. Desverre rakk me ikkje flyet vidare til Kingston, så no har me brått 5 uventa dagar i solfylte Miami. Slett ikkje værst! Som ein liten bjørn og ein liten tiger tar me det heile med kjempehumør og stor eventyrlyst! Passa oss fint i grunn.

Men strabasane var sjølvsagt ikkje over. Lang ombookingshistorie kort: sekken til tigeren: her i Miami. Sekken min? Mest sannsynleg på Jamaica. Men den dukkar nok opp att snart! I mellomtida: to the beach!!

Engish version will come later. The beach is calling.. ;)

Short english update:
After over 10 hours waiting at Heathrow we managed to miss our flight to Miami, while enjoying a nice glas of rosèwine and a pale ale. Yes, really. So we missed our transit to Kingston, but got on a new flight to the States and ended up here in Miami for 5 days. Yay! Not bad, huh? Apart from my missing baggage (probably on Jamaica...), we are having a great time in sunny Miami! Now: to the beach!

onsdag 2. september 2009

Reiserute / Itinerary

Her følgjer reiseruta vår. Sånn omtrent kvar og når. Meir spesifik klarar me ikkje å få det.. ;)

2.september - 7. september
Miami, Jepp, me mista flyet til Kingston og fekk 5 dagar i solfylte Miami! Hurra!


7. september - 16. september
Jamaica, Landar i Kingston, og bestemmer oss når me vaknar dagen etter for kvar me vil dra. Så lenge det er ei kvit strand, er me nøgd. ;)

16. spetember - 28. september
Cuba, Landar i Havana, tek ting som dei kjem, men Trinidad er bestemt. :)

28. september - 28. oktober
Panama - Costa Rica - Nicaragua - Honduras - El Salvador - Guatemala - (Belize)- Mexico, Kva land til kva tid anar me ikkje. Me vil surfe og snorkle i Costa Rica. Det kan ta lang tid. Eller kort. Oppdateringar kjem undervegs.

28./29. oktober - 26. november
Sør-Afrika - Namibia, Landar i Johannesburg, Dreg ut til Durban og følgjer kysten ned til Cape Town. Deretter går turen til Namibia. Kva me gjer der veit me ikkje enno. ;)

26. november - 13. januar (2010)
Kenya - Tanzania - Uganda, Eit par veker safari i Kenya/Tanzania. Dreg til Uganda i midten av desember. Feirer jul der med Hans Petter og Sarah. Det blir kos. =) 13. januar dreg Katrine heim att, Kristine prøver å være i Uganda ut mars.



This is our itinerary. Whereabout and when, kind of.. We can't make it more spesific than this.. ;)


2. September - 7. September
Miami, Yep, we lost our flight to Kingston and ended up with 5 days in sunny Miami. Yay!

7. September - 16. September
Jamaica, Arrive in Kingston. Where we go from ther will be decided when we wake up the next morning. As long as we find a white beach, we're happy. ;)

16.Spetember - 28. September
Cuba, Arrive in Havana, take things as they come, but Trinidad is for shure. :)

28. September - 28. October
Panama - Costa Rica - Nicaragua - Honduras - El Salvador - Guatemala - (Belize)- Mexico, Which country at which time is not decided. We want to surf and snorkel in Costa Rica. That may take some time. Updates will come.

28./29. October - 26. November
South-Afrika - Namibia, Arrive in Johannesburg, go to Durban and follow the coastline to Cape Town. Then we are heading for Namibia. Do not know what we will do there. ;)

26. November - 13. January (2010)
Kenya - Tanzania - Uganda, A couple of weeks with safari in Kenya/Tanzania. Go to Uganda to selebrate Christmas with Hans Petter and Sarah. 13. January Katrine goes home. Kristine will try to stay trough March.

«Det var ein gong ein liten bjørn og ein liten tiger, som budde nede ved elva i skogholtet, der røyken stig opp. Dei hadde ein båt og. Dei budde i eit lite og triveleg hus med skorstein. «Vi har det bra», sa den vesle tigeren. «Vi har alt som hjarta kan ønskje seg, og vi treng ikkje vere redde for nokon ting. For vi er sterke og, vi. Ikkje sant bjørn?» «Jau visst,» sa den vesle bjørnen, «eg er sterk som ein bjørn, og du er sterk som ein tiger. Det greier seg.» 
Den vesle bjørnen gjekk kvar dag med fiskestonga og fiska, og den vesle tigeren gjekk i skogen og fann sopp. Den vesle bjørnen laga mat kvar dag, for han var ein god kokk. «Ønskjer du fisken med salt og pepar, herr tiger, eller heller med sitron og lauk?» «Alt i hop!», sa den vesle tigeren. «Og eg kan godt få den største porsjonen!». Etterpå åt dei sopp med smør på, og så blåbærgraut og honning. Dei levde riktig så godt der nede i det vesle trivelige huset ved elva.»
«Ein dag flaut det ein kasse forbi på elva. Den vesle bjørnen fiska kassa opp frå vatnet, snusa og sa «sniff, ååååh, sniff sniff, banaaner!» For kassa lukta av bananer. Og kva var det som stod skreve på kassa? «Pa-na-ma,» las den vesle bjørnen. «Kassa kjem frå Panama, og Panama luktar bananar. Å, Panama er landet eg drøymer om», sa den vesle bjørnen. Han sprang heim og fortalde den vesle tigeren om Panama til langt på natt.» «I Panama», sa han, «der er alt så mykje finare, ser du! For Panama luktar bananer frå ende til annan! Panama er landet eg drøymer om, tiger. Vi må straks i morgon reise til Panama! Meiner ikkje du og det?» «Straks, i morgon!», sa den vesle tigeren. «Men vi treng ikkje vere redde for nokon ting, bjørn. Men, tigeranda mi må òg vere med.» 
Slik byrjar Janosch si historie om den vesle Bjørnen og den vesle Tigeren som skulle dra til Panama. Det skal me og, men tigeranda (Roger) får desverre ikkje vera med denne gongen.
Målet med turen er... Ja, det var nettop det.. Me har ingen bestemte mål med denne turen. Me reiser og ser kva me finn. Som for eksempel ei kvit strand på Jamaica til å lade opp kreftene på, før me verkeleg set i gang. Oppdatering av bloggen vil foregå så ofte som mogeleg. Så bær med oss dersom det tek litt tid mellom kvar oppdatering. Fiberoptikken er ikkje så godt utbygga i jungelen, enno.. :P
For "fullstendig" reiserute, trykk her

Kommenter gjerne, eller send oss mail ( bjornogtiger@gmail.com )
A short translation for our non-norwegian friends:
There once was a small bear and a little tiger. They lived in a house in the woods, down by the river. ... One day the bear found an old box floating down the river. It smelled wonderfully of bananas and had the name Panama written on it. "Panama is the country I dream about" said the small bear, "tomorrow we must go to Panama!". "First thing tomorrow morning", said the little tiger. "And we don't have to be afraid of anything! Cause you are as strong as a bear and I am as strong as a tiger!".

Almost like this starts Janosch's story about the little bear and the little tiger and their journey to Panama. We are also travelling to Panama. With no goals or other purpose than exploring the world we will go out with an open mind, starting with the white beaches of Jamaica. We will update our blog as often as we can, but please have in mind that the connections may not be the best in the jungles of the world... :P
For a "complete" travel route click here
Please feel free to comment here on our blog or send us an email (bjornogtiger@gmail.com)