fredag 30. oktober 2009

Tempel, baby!

Flores:
Sjølv om me eigentleg ville bli i San Marcos og berre flyta vekk på ei mediterande sky, så kalla den indre vagabonden i oss vidare. Vårt mål: templa i Tikal. Nok ein eviglang busstur tok oss til Flores i Petèn i nord. Flores er ein liten by som ligg
ute på ei øy. Her er alt stille utanom det stemningsfylte hostellet Los Amigos. Ein typisk backpacker-stad, der ein lett begynnar å prate med Gud og kvarmann. Kos! Og god veggis-mat her og gitt! (Guatemala visar seg å være ein veggis-himmel, til
bjørnens store glede! Ho fråtsar i hummus, falafel, tofu og guacamole. Slafs!). Me ankom tiiidlig om morgonen etter ei heller søvnlaus natt på bussen så me tok ein roleg dag, fylt med turar, sløving i hengekøya og deileg mat på hostellet.

Morgonen etter var me oppe før fuglane fekk tid til å tenke på å fise (utanom ein rar liten kyllingsak som sprang rundt hengekøyene og skreik heile natta. Greit nok at Bjørnen er vegetarianar, men ein veggis med jaktløyve, og den fuglen levde
farleg...). Målet var Tikal, ein imponerande maya-by, forhåpentlegvis i soloppgang. Den såg me gjennom bussvindauga, men fint likevel. Me fekk ein veldig engasjert og dyktig tur-guide som ikkje berre viste oss tempel og pyramider, men vekka nokre brølaper for oss, tok ein tarantella ut av holet sitt og viste oss masse flotte fuglar og kryp.
Me klatra det eine tempelet etter det andre, og byrja etterkvart å undra oss over kor høge trinna var. Mayaene er jo som kjent ganske korte av vekst (sjølv tiger'n føler seg stor når ho går på marknaden), så det var ei gåte for oss korleis dei kom seg opp hit. Dette kunne guiden vår forklara så enkelt at maya-kongen var slett ikkje nokon lav skapning. Kongefamilien var faktisk ikkje lave i det heile, og sidan det skulle fortsetta slik vart det sjølvsagt ein del innavl etterkvart. Så grunnen til at trinna var så høge var at dei var kun for kongen å gå i..(bjørnen undrar seg over kva som ville skjedd om sonen til kongen var ein liten kortvokst ein. kunne han ikkje bli konge då?)

Etter Tikal tok me liksågodt eit bad i vatnet i solnedgongen og litt sosialt samvære på vårt fine hostell. Bjørnen måtte ha seg nokre timar på puta tidleg på kvelden (sidan ho hadde sove lite natta før og stått opp halv 5 om morgonen), men vart vekt rundt midnatt av ein hyper Tiger og full londoner. Nattbad! Jaha? Det var berre å hoppe ut av hengekøya og henge på. Å flyte rundt på ryggen under stjernene er noko ein lett kan venne seg til! Det var heller ikkje ei dårleg avslutning på eit flott opphold i Flores.

Neste dag slo me oss saman med to israelarar og vendte nasa mo Rio Dulce og Livingston.





In english:

Flores
Even though we really wanted to stay in San Marcos and just float away on a meditating sky, our inner vagabond called us on. Our goal: The temples of Tikal.
Another dreadful busride took us to Flores, Petén in northern Guatemala. Flores is a small town situated on a small island. Everything is quiet here, except for the lively hostel Los Amigos. This is a typical backpacker-hostel where you easily start talking to anyone and everyone. Fun! And they even have veggie-food! (Guatemala turnes out to be a veggie-heaven, wich the bear loves! She's enjoying hummus, falafel, tofu and guacamole. Yummy!
We arrived early in the morning after a rather sleepless busride, so we had a quiet day just relaxing in the hammock, walking around in town and eating delicious food at the hostel.

The next morning we got up way before the birds even thought about it (except for one weird-looking little chicken-thing that ran around the hammocks all night making terrible noises. Yes, the bear is a vegetarian, but a veggie with hunting-licence. That bird were living dangerously..)
Our goal were Tikal, an impressive Maya-city, hopefully before sunrise. Well, we saw that one trough the bus-window, but still it was beautiful.
We got a good and engaged tour-guide that not only showed us temples and pyramides, but woke up some howler-monkeys, took a tarantula out of its nest and showed us many beautiful birds and animals.
We climbed one temple after the other and started to wonder about the height of the stairs. The mayas are not really famous for being tall people (even the tiger feel tall walking in the market), so it was a mystery for us how they got up these stairs. Our guide could easily answer this question with the explanation that the maya king was no short person. Actually the whole royal family were tall, and since they wanted to keep it this way there were a lot of in-breeds after some generations. So the reason the stairs were that tall were that they were only for the king to climb.. (the bear wonders what would happen if the king's son were short. Could he not be king, then?)

After Tikal we took a swim in the sunset and socialised at the beautiful hostel. The bear had to get som sleep early in the eveing (since she hardly had any sleep the night before, and got ut at 4.30 in the morning), but were awakened around midnight by a hyper tiger and a drunk londoner. Nightswim? Yeah? Nothing to do but jump out of the hammock and skip along. Floating on your back under the stars is easy to get used to! No bad closure on our stay in Flores either.

The next morning we went to Rio Dulce and Livingston togheter with two israelian guys.

Hippie hippie hurra!

San Marcos:
I vår faste følgesven, Lonely Planet-boka, leste me om San Marcos la Laguna ved Lake Atitlan i høglandet nord for Guate. Langt ifrå den største eller mest populære staden ved vatnet, men det som drog oss dit var lovnaden om mange hippiar og ei stemning fylt av peace, love and nature. Så me tura avgårde, drog med oss vårt nye reisefylgje og fann eit lite paradis. WOW! San Marcos er ein bitte liten landsby fyllt opp av expats frå rundtomkring i verda, såkalla "hippies with purpose". Her fins ein internasjonal skule med vekt på kunst og kreativitet, ein kan engasjere seg i alt frå yoga til hypnoterapi, lære seg ørten ulike typar massasje (eller berre nyte ein sjølv), bade i det herlige varme vatnet, fråtse i fantastisk øko-veggis-mat og rett og slett berre slække, nyte og suge opp den rolege fredfylte stemninga. Ein perfekt stad å samle kreftene på! Vårt hostell kan lett anbefalast. Det heitte La Paz (som betyr "fred") og bestod av mange små bungalowar gøymd inne i ein fin skog/hage. Kjempegod mat, fin stemning, fantastiske omgjevnader og (bjørnen jubla og vart hekta) yoga to timar kvar morgon. Åååå vil tebake!

Ps: ok eg veit det ikkje er dei mest spenstige innlegga her, men litt redusert av dess uggne parasittane og eit lite tidspress, så det får være godt nok for no. De får i alle fall ei oppdatering :)






In english:

San Marcos
In our loyal travel companion, the lonely planet book, we read about this small village on the shores of Lago de Atitlàn in the highlands of Guatemala. Not a very large place, or famous, but the tempting part was the promise of modern hippies and an atmosphere filled with pesce, love and nature. So we brought our chileans and went. And we found a little paradise. Wow! San Marcos is a small town filled with expats from around the world, socalled "hippies with a purpose". Here you find an international school, focusing on arts and creativity, one can engage oneself in all from yoga to hypnotherapy, learn different massagetechniques (or just enjoy one), swim in the wonderful warm lake, stuff in delicious eco-veggie-food and just relax, soak in all the peaceful tranquility. It's a perfect place to gather your strenght! Our hostel can easily be recommended. Hostel La Paz (which means "peace") has small bungalows, great veggie-food, nice staff, yoga 2 hours every morning (the bear got hooked!) and is beautifully situated in the middle of a forest/garden. Oh, we wanna go back!!

Ps: Yeah, I know the last post have been a bit boring, but we are still fighting these nasty parasites, so our strength is low. At least it's an update, although a bit rushed one... sorry!

Chichi-shopping!

Chichikastenango
Marknaden i Chichi er kjend som eit must her i Guatemala, og med god grunn oppdaga me. Her drukna me nesten i fantastiskt fargerikt maya-stæsj! Kjend konsekvens: me tok sjølvsagt fullstendig av og handla til me omtrent stupte. So no er sekkane våre stappfulle og blytunge. Men sååå mykje fint! Det var også ein maya-høgtidsdag av eit eller anna slag, så me tusla opp til en hellig stad der nokre sjamanar utførde seremoniar for det dei betalande tilreisande måtte ynskje. Litt rart å stå og sjå på, sjølv om det var veldig fascinerande så føltes det litt som om me trampa inn i noko me absolutt ikkje var ein del av. Men interessant var det :) Etter ein lang dag i marknadsrus sette me oss i shuttle'en saman med våre chilenske venninner og vendte nasa mot vårt neste mål; Lago (lake/vatn) de Atitlan.







The market in Chichi is known as a "must" for tourists here in Guatemala. We quickly discovered why! We almost drowned in colourful amazing maya-stuff! Consequence: we now have overfilled very heavy backpacks full of wonderful things! Yey! It was also some kind of special day for the mayan people, so we walked up to a holy sight and saw some shamans doing seremonies for paying families, for luck, good health, wealth or whatever. Interesting to watch, but it kind of felt like we were trespassing into something we were not supposed to be a part of... Still fascinating though :). After a long day on a shopping-high we stuffed ourselves in a shuttle towards Lago (lake) de Atitlàn together with our new chilean friends.

Guatemala, GUD OG FRED!

And it keeps getting better...

Me bestemte oss for å suse gjennom Nicaragua, Honduras og El Salvador. Me registrerte knapt litt landskap og landsbyar gjennom bussvindauga i løpet av eit par døger. Grunnen var at alle me mødte på veg nedover Mellom-Amerika råda oss til å reise rett til Guatemala, sidan me hadde så lita tid. Me lot oss overtale, sidan me likar best å ha litt godt tid ein stad og verte litt kjend med landet. (Resten får me ta neste gong :)). For å sei det slik: me angrar ikkje! Det har vore ei utilgiveleg tørke på bloggen dei siste vekene. Me kan ikkje anna enn å beklage. Grunnen til dette er mykje dårleg internett-tilgong (som nemnd) og det faktum at me har kosa oss så vannvittig at slike ting rett og slett har vorte nedprioritert. Eit godt teikn ;)

Sidan me har besøkt ein del stader rundtom i Guatemala så vert blogginnlegga delt opp etter kvar stad. Så here goes:

Guatemala City.
Etter lang tid på reise i trange, skitne bussar, slitne hostell, trasking i bushen (som me har elska heile vegen!) var det godt å komme til Guate, kor me haldt oss unna den berykta sone 1 og innlosjerte oss heller på ein trygg stad i poshe sone 10. Å herre! Urbanitet! Det kom øverraskande på, men me er tydeligvis prega av vår vestlege oppvekst og nytte eit par dagar i rik sivilisasjon. Shopping og god mat. Fint. Under litt språkvanskar med hostellpersonellet fekk me hjelp av ei chilensk dame, som også budde her. Det heile endte opp med at me slo oss saman med Carolina og henas mor til marknaden i Chichikastenango dagen etterpå. Veldig kjekt å ha litt ekstra reisefylgje, og ikkje minst språkleg hjelp undervegs :)






We desided to rush through Nicaragua, Honduras and El Salvador, after a few days in Costa Rica. The reason for this was that everyone we met travelling south through Central America told us to save up time for Guatemala, claiming it to be the best country in the region. We let ourselves be persuaded since we like having a bit more time in each place, gettint to know the country. (We'll come back for the rest! ;)). We haven't exactly regretted this decision. What an amazing country! It has been a long dry period on this blog for the last weeks. We are very sorry about that. The reason for this is both because of bad internet connections (as mentioned in last post) and maybe mostly because we've been having such a great time here, having no time for "serious" stuff :).

Since we've visited so many places in Guatemala we will put up a small post on each, starting with the capitol city:

Guatemala City.
After a long journey in dirty buses, worn down hostels, hiking around in the bush (which we've loved!) it was good to enter the somewhat posh zona 10 in Guatemala City. We stayed out of the infamous zona 1, needing to gather pur strength again in some "civilized" environment ;). Oh my! Urbanity! Surprising enough we are clearly colored by our western culture. We embrased the metropolitan part of the city with all of it's fine reastaurants and shopping. Nice! At the quiet little (and fairly cheap) hostel we stayed at we met to chilean women. After helping us with some language difficulties with the hostel staff we started talking and ended up travelling together with wonderful Carolina and her sweet mother to the famous market in Chichikastenango. Very nice to have some new travelling company!

onsdag 28. oktober 2009

Kjapp oppdatering / Quick update

Me har vore utan internett ei stund, og når me har hatt det har me hatt så mykje anna moro å gjera at bloggen rett og slett e vorte nedprioritert. Dette beklagar me på det sterkaste!

Reisa til Sør-Afrika er desverre utsett til 3. november, då både bjørnen og tiger'n e vorte angrepen tå ein parasitt som tykjer det er kjekt å øydeleggje magen vår. Slapp heilt av, da går fint med oss. Tiger'n e bra igjen ette to dagar i (unnskyld språket her) helvete. No venta me berre på at da samma skal skje med bjørnen (som vart dårleg ein dag ette tiger'n).

Medan me likevel ligg her, skal me jobba godt med å få øvesett dei siste innlegga, laga nytt/nye og lasta opp fleire bilete på flickr. Men som alltid; ikkje forvent for mykje.. ;)





We haven't had internet for a while, and when we have, there has been too much fun to do, wich we prioritied over the blog. We are terribly sorry!

Our flight to South-Africa has been delayed until November 3 because both the bear and the tiger have been attacced by a parasite that thinks it's funny to mess with our stomach. But don't worry, we're all right. The tiger is back on track after two days in (sorry for the language) hell. Now we're just waiting for the same thing to happen to the bear (who got sick one day after the tiger).

But since we're just lying here, we will work on translating the rest of the posts, make (some) new and upload more pictures to flickr. As always; do not expect too much.. ;)

onsdag 14. oktober 2009

Nyhende! Biletegalleri under arbeid.

Endeleg har me klart å mekka saman noko som kan likna eit lite biletegalleri på nettstaden flikr.com. Dette er ei bilete- og videodelingsside for heile verda, men fortvil ikkje! Me legg ut link til dei forskjellige albuma på lista i venstre kollonne (under reiserutelista). Desse linkene vil sende dykk direkte til ei bileteframsyning.
Kos dykk!



********



Finally we managed to create something you can call a picturegallery for our travel at flikr.com. The links for the different albums will appear at the list in the left collumn as they are made. These links will send you directly to a slideshow of the different albums.
Enjoy!

fredag 9. oktober 2009

Pura vida - Costa Rica

Pura vida (reint liv) er Costa Ricas motto. Og dette lev dei etter til dei grader. Her skjer ingenting i ei handvending, men den tida me hadde i Costa Rica er noko av det beste så langt!

Kom til San José etter 8 timar på buss frå Davíd i Panama. Etter ein kjapp sjekk i "bibelen" (Lonely Planet-boka om Mellom-Amerika) fann me eit hostel me kunne tenkja oss å prøva. Fast bestemte, sjølv om taxisjåføren prøvde så godt han kunne å få oss til å velgja eit anna (og dyrare) hostel.

No var det på høg tid med aktivitetar oppe i fjellet, så me kasta oss på bussen mot Monteverde. Ein humpete grusveg som svinga seg oppover fjellsidene, utan anna enn eit skarve piggtrådgjerde mellom bussen og dei bratte stupa ned. Her var det best å festa blikket på horisonten. Me fekk i da minsta ein smakebit på kva som venta oss i Monteverde (grusveg og "cloud-forests").

Folk er svært glade i å hoppa på trøytte turistar som kjem svimmel av bussen, og tilbyr "the best casas" og billige taxiturar. Men denne bjørnen og denne tiger'n e standhaftige og let seg ikkje rikka! Målet var sett og kursen peila, me skulle på Monteverde Backpackers. Og der kom me, og der likte me oss.

Den sjarmerande Carlos, ein kar litt oppi åra, som dreiv hostelet kunne hjelpa til med booking av både det eine og det andre. Allereie ein time etter ankomst var morgondagen planlagt, og me var på veg til froskedammen med ei jenta som og budde på samme hostel. Froskane va rare og søte og i alle størrelsar, fargar og fasongar. Moro og lærerikt. (Me veit iallefall ka froskar me ikkje skal sleika på)

Tidleg neste morgon stod me klar for ein guida tur i sky-skogen, der me vart lova fuglar av diverse slag, masse info om plantar og andre ting som gøymde seg i skogen. Det heile vart opna med mating av kolibriane (kvar dag heng dei opp beholdare med sukkerlake til kolibriane. Dei vert visstnok hissige uten sukkeret.. Ikkje ulikt bjørnen..) I roleg tempo gjekk me gjennom skogen som byrja med sekundærskog, dvs eit område som vart hogd ned for 40 år sida, og fekk vaksa fritt att for 30 år sidan. Ein ung skog, med andre ord. Her fekk me sjå diverse fuglar og læra litt om tre og buskar og slikt..
I primærskogen kom me sjølvsagt over ein Mexican Orange Kneed Tarantula, noko tiger'n ikkje tykte var så kjekt. Men ho måtte bort å sjå.. ;) Mot slutten av turen vart tiger'n og nokre andre stukken av bie. Da va ikkje så kjekt, men smerten gjekk heldegvis fort over.

Neste post på programmet var Extreme Canopy. Ikkje bra for dei med høgdeskrekk, heller ikkje for adrenalin-junkiar som bjørnen, som tykte det var "for lite rush". Da heila går ut på å henga i ein sele som e festa til ein vaier, så sklir du frå eine sida til den andre. Det var tolv slike kablar, den kortaste ca 100 meter, den lengste 1 km. Da seiest at utsikten over dalen me sklei over var flott. Dette kan desverre ikkje bekreftast, då tiger'n hadde augene lukka mesteparten av tida. Ho øvelevde visst dette og...

Siste post denne dag var guida nattur i skog og mark. Kjempespennande! Me såg 8 dovendyr, eit tre-pinnsvin, ein racoon, ein slange, nok ein tarantella (på jakt denne gong. usj!), mange knelere, mange pinnedyr, mange larve, mange blad-insekt, mange grashoppe og eit kissing-bug (som visst ikkje e bra).. Mykje for pengane her.. =)

Dagen ette besøkte me ein sommarfuglhage og vart våte av å kikka på kyr (som eigentleg skulle vera fuglar og dyr, men da regna slik at turen vart avlyst).

Tok ein jeep-boat-jeep-tur til La Fortuna for å kikka litt på denne vulkanen dei har der. Arenal er visstnok ein av dei mest aktive og ein av dei yngste vulkanane i heile verda. Klart dette må sjekkast ut! På ein hike i skogen, på veg mot ein flott foss vart den allereie hyperaktive guiden enno meir engasjert då han høyrde lava-skred. Stilig og litt skummelt på ein gong, men det vart sagt at me var på trygg avstand, så ingenting å bekymra seg over.. OK!
Guiden vart enno meir gira då me kom over ein flokk svært aktive edderkopp-aper i nokre tre. Jepp, detta va midt i paringssesongen deira.. Lettare sjenert venda me heller oppmerksomheten mot vår fyrste tucan! Dette er nasjonalfuglen til Costa Rica, og me va i ekstase øve endeleg å få sjå ein..

Nok dyreliv! No var det tid for vulkan.. Me kom til "utkikspunktet" til rett tid, i det det byrja å skumre. Litt etter litt vart den vesle glødande prikken på toppen meir synleg, og DER! Eit stort lavaskred og folda seg utover som mange rakettar! (Her sku du vore, Louise!) Da va så nydeleg å sjå på! Me hadde slettes ikkje lyst å dra når me skulle. Tenk å forlata noko så vakkert for å dra til det heilt forferdelege hotellet me hadde lagt oss inn på. Maur som kraup over alt (til og med i sengene) og ein forferdelig bråkete festival på nabotomta, kombinert med eit vindauge som ikkje let seg lukka.. Da e ikkje noko som å sovna til "The Piano Man" og "Love Hurts" på spansk karaoke.

Me avslutta opphaldet i Costa Rica med ein flott ridetur til ein elv som kjem frå vulkanen. Iskaldt å bada, men fekk jaggu varmen i oss etter å ha klatra Costa Ricas svar på Stolzen, kortare, men brattare. Og, ja, me vart stiv og støl etter ridinga.

Two cowgirls from Norway! ;)





Pura Vida (pure life) is Costa Rica's slogan, and they live it to the fullest. Nothing here happens in a hurry, bit the time we had in Costa Rica is one of the best so far.

We arrived in San José after eight hours on the bus from Davíd in Panama. After a quick look in the "bible" (our Lonely Planet-book Central America on a shoestring) we found a hostel we wanted to go to. Determened, even when the taxidriver tried to convince us to go to another (and more expencive) hostel.

It was about time to do some activities up in the mountains, so we jumped on the bus to Monteverde. A bumpy gravel-road vinding up the mountainsides with nothing but barbed wire between the bus and the steap hillsides. Keep your eyes on the horizon and hpoe for the best. At least we got to see what Monteverde would be like (gravel-roads and cloud-forests).

People really like to confuse tired tourists coming of the bus by offering them the best casas or cheapest taxi-rides. But this bear and this tiger are steadfast and will not give in. Our goal were set, we were going to Monteverde Backpackers. And we got there. And we liked it.

The charming Carlos who run the hostel could help us book this and that. So just an hour after arrival, tomorrow was planned and we were heading for the frogpong with another girl living at the hostel. The frogs were funny and cute and in all different sizez, colours and shapes. Fun and educational. (At least we now know which frogs not to lick.)

Early next morning we were ready for a guided tour in the cloud-forest. We were promised to see a lot of different birds, lots of info about plants and other things living in the forest. It all started with the feeding of the hummingbirds (every morning they put up feeders containing sugarwater. Apparently the get cranky without their sugar. Kind of like the bear.) The first part of the tour was in the secundary forest, an area that were cut down 40 years ago and have grown freely for the past 30 years. A pretty young forest that showed us different birds and we learned a little abot trees and bushes and such..
In the primaryforest we found a Mexican Orange Kneed Tarantula, which the tiger wasn't too happy about, but she had too look, right? By the end of the tour the tiger and some others were stung by bees. That was not fun, but luckily the pain didn't last too long.

The next activity this day was Extreme Canopy. Not good for those who are scared of heights, neither for adrenalin-junkies like the bear who tought it was "too little rush". The whole thing happens like this: You put on a climbing harness, hook it on to the wire and slide from one side to the other. There were 12 of these cables, the shortest on about 100 meters, the longest 1 km. They say the wiew of the valley we slided above were great. Sadly, this can not be confirmed as the tiger had her eyes closed most of the time. It turned out she survived this too...

Last post on the agenda were a guided night-tour in the lower forests. This was so exciting! We saw 8 sloths, one porkypine (in a tree..?), a racoon (wich is called "vaskebjørn" in norwegian. Thank you, Hans Petter, for clearing this up. We spent days trying to remember what it was.), a snake, another tarantula (hunting this time. Yuk!), many praying mantes, many stick-insects, a lot of caterpillars, leaf-bugs, grasshoppers and a kissing-bug (wich apparently is not good to be bitten by). Good value for our money, there.

The next day we visited a butterfly-garden and got wet by looking at cows (wich were supposed to be birds and other animals, but there were too much rain, so we cancelled the tour).

We too a jeep-boat-jeep-trip to La Fortuna to look at the volcano they have there. Vólcan Arenal is apparently one of the most active and youngest volcanos in the world. Ofcource we had to check this out! On a hike in the forest to see a beautiful waterfall, our already hyper active guide got even more axcited when he heared a lava-slide. A bit cool and scary at the same time, but he assured us that we were on a safe distanse, so nothing to worry about... OK!
The guide got even more excited when he found a group of very active spider-monkeys. This was ofcourse in the middle of their mating-season.. Slightly embarrased, we turned our attention to our first tucan! This is Costa Ricas national bird, so we were over-excited to see one..

Enough with the animals, its about time to se som volcano! We came to the viewpoint at the perfect time, just as it started to get dark. Slowly the glowing spot at the top got more visible, and THERE! A big lavaslide coming down like fireworks! (You should have been here, Louise!) It was so beautiful, we did not want to leave. Imagine leaving somthing that beautiful to go to an awful hotel with ants crawling all over (even on our beds) and a terribly noisy festival next door. There's nothing like going to sleep with "The Piano Man2 and "Love Hurts" on spanish karaoke...

We ended our stay in Costa Rica with horeback-riding to a waterfall coming down the volcano. The water was freezing, but we got the temperature up by climbing all the stairs back up. Yep, we were soar from the riding..


Two cowgirls from norway! ;)

mandag 5. oktober 2009

Panama, landet vi droymer om!

Janosch sine beroemte figuarar kom seg aldri til Panama. Dei gjekk nemleg til venstre i kvart kryss og enda slik heime att, etter aa ha traska rundt i ein stor sirkel i lang lang tid. Me kjem og til aa ende opp heime att etter ein sirkel rundt halve verda etter lang lang tid. Men denne Bjoernen og Tigeren kom seg faktisk til Panama paa vegen! Hurra!

Kva har so Panama?

Kanal: Check.
Me hadde sjoelvsagt det obligatoriske besoeket til Miraflores-slusene. Superspanande for den vesle Tigeren, sidan tigerpappa´n har segla seg gjennom her gjentatte gongar. Veldig fascinerande aa sjaa dei store (og smaa) baatane som vart slusa igjennom. (Ein schwaer baat kom igjennom og den hadde maatte betalt over 350.000 usd for aa passere! Tenk paa det, det er mykje pengar det!) For eit menneskeleg mesterverk! Bjoernen var fornoegd etter 3 baatar, mens tiger´n hadde kunna sitte der heile dagen :) Men alt i alt ganske saa stilig!

Panamahatt: Gloeymd...
Oooops. Me gloeymde aa kjoepe Panamahattar! Soeren! Men me saag dei. Dei var toeffe.

Lukta av bananar: Tja...
Det lukta meir av kaffi i grunnen. Og appelsinar.
Me hadde berre ei natt i Panama City. Me ville ut av by´n, opp i fjella, ut i naturen. Saa me reiste til ein liten by lenger nord som heite Boquete. Boquete er vakkert, groent, stille og roleg, sjarmerande og full av amerikanske pensjonistar. Denne vesle staden vart nemleg kaara til ein av verdas beste stadar aa trekkje seg tilbake til naar ein drar paa aara i foelgje eit amerikansk magasin. Fint for dei, men litt synd for lokalbefolkninga. Tomteprisene er saa hoege at lokale kan ikkje ein gong droeyme om aa kjoepe eit stykke land. Ein finn baade "gated comunities" (inngjerda samfunn for dei amerikanske pensjonistane, strengt bevokta), flotte villa og slott (! Ja ein nederlendar har bygd eit slott her. Eit ekte slott, med taarn og det heile!), og Sean Connery har visstnok eit gedigent hus der ein stad.

Men apropos kaffi:
Panama e eit av verdas minste kaffieksportoerar, men kaffien fraa nettopp Boquete har vorte kaara til den beste kaffien i verda dei siste aara. Me endte opp paa ein guida tur gjennom heile kaffeprosessen, fraa dyrking til drikking, med vekt paa det fyste :) Kjempespanande! Saerlig for den kaffeelskande bjoernen.

Og apropos appelsinar:
Foer me skulle faa ei innfoering i kaffiens verd maatte me sla ihjel eit par timar. Me traska ut i det flotte landskapet for aa nyte litt natur. Me hamna inne i paa ein av kaffeplantasjane. Kor me gjekk oss vill. Jepp. Det har seg nemleg slik at kaffeplantasjane der ikkje er slike svaere omraader med symmetriske rader av kaffebuskar saa lang auge ser. Det e stort, joda, men desse spesielle kaffebuskane likar skugge. Difor plantar dei alle moglege frukttre, og anna, ilag med kaffebuskane. Saa det ser ut som ein traskar gjennom ein vill skog i grunnen. Utan skikkelege stiar i vaart tilfelle. Bjoernen trakka nesten paa ein slange! Me begynte a verte litt bekymra sidan me ikkje kom oss ut derfraa, men braatt befann me oss i ein stor appelsinhage istaden. Der lukta det godt der! Men me vart jaga av ein kalkun so me skunda oss avgaarde, inn paa tunet til appelsinbonden (som saag noko overraska ut daa to kvite jenter kom tuslande ut av appelsinhagen hans) og fann hovudvegen att. Puh!

Andre loegne ting i Panama:

Fotspor:
Me satte vaare spor i Panama City. I vaat betong. Panamaniarar er svaert hjelpsomme. Det overraska oss gong paa gong. Me lette ette ein veggisrestaurant i byen (tofu! hurra!) og ette aa ha engasjer ei halv gata av folk som ville hjelpa, men ikkje kunne eit ord engelsk (og me kan framleis berre "un poquito" spansk...) saa viste ei dame oss fram til staden. Me var skrubbsvoltne etter ein lang dag og beina over gata. Braatt vart bakken mjuk under oss, og saa hard att. Me stoppa lettare forvirra, utan sko paa beina. Me kikka oss tilbake og der var der tre hol i ei smal groeft fylt med vaat betong. Tre hol med tre slippersa i. Og tre foeter fulle av betong. (Bjoernen var saa svolten at ho tok lange nok steg til aa komme seg halvvegs over med ein sko i behold). Me fekk fiska opp skorne gjennom kraftig latterkrampe (baade av oss og tilskuarane) og fekk hjelp av ein av arbeidarane (som tross alt var skuld i ulukka. Tenk aa ikkje skilte noko slikt i moerkret!) til aa skylje sko og foeter. Og me fekk oss mat. Men me har nok stadig litt betong under taaneglene...

Menneskesafari:
Me moette ein norsk fyr i Boquete, som budde der og laerte seg spansk ein maanad. Kosleg gut. Han fortalde blandt anna om ein koeyretur han hadde hatt med sin vert der verten hadde sakka ned forann eit hus, peikt inn paa kjoekenet og ropt: "sjaa der! Ein indianar! Der er det ein!". Kjekt for denne indianaren som sikkert berre laga seg lunsj... Menneskesafari. Samme greia hadde skjedd daa dei kjoeyrde forbi nokre born paa veg heim fraa skulen. Eksotisk. Me lo av dette og lurte paa kva desse folka syns om oss turistar som kjem og tek bilete av dei og studerar dei som dei var dyr. Dagen etter, da me traska longs vegen, fekk me ein smakebit paa korleis dette kjenst. Det kom ein bil kjoeyrande forbi, og idet den passerte oss sakka den ned. Ut av vindauga kom det eit kamera. Og jammen var det ikkje lokalfolka som tok bilete av ein liten bjoern og ein liten tiger paa tur. Og ikkje berre denne bilen, men dei som kom bak den ogsaa! Med mobilkamera denne gongen! Rart! Me kunne jo ikkje anna enn aa le og vinke fint. Safari!

Til slutt:
Eit lite memo til oss sjoelve... Aldri meir dele 4 flasker vin dagen foer ein skal over til neste land. Grensekryssing i bakfylla e ikkje aa anbefala. Husj.

Picture perfect!

Cuba del 2
Ette aa ha nytt nokre dagar i fullstendig paradisisk tilstand i Trinidad trilla* me attende til Havana.*(grunna nokre kilo overvekt ette all den fantastiske maten!). Der vart me eit par dagar, tusla rundt paa atter nye museum, koslege restaurantar, sloeva, feira Tigern´s bursdag fint og roleg, besoekte sjoko-museet atter igjen (nam!) og kikka paa alle dei kule bilane og flotte husa. Kor vanvittig flott det maa ha vore der naar alt var nytt og fint! Unikt!

Deretter reiste me paa ein tur til Viñales, ein svaert vakker dal, komplett med omvisning paa sigarfabrikk, i grotter og "typisk" tobakksplantasje (turistifisert typisk sjoelvsagt. Trur ikkje alle budde saa bra...). Overnatta ei natt foer me tura tebake te Havana att og vendte nasa mot Panama. Ah, Panama! Landet me droymer om! Som luktar saa herleg av bananar!

Sidan det ikkje er saa mykje meir aa seie om dei siste dagane paa Cuba vil me heller putte innpaa nokre bilete. Dei seier jo at eit bilete seier meir enn tusen ord. Det maa imidlertid desverre vente litt til... heh... sidan eg ikkje har tilgong til bileta nett no... Eit kjapt innlegg vart prioritert. Beklagar, det kjem!!


########


Cuba part 2
After a few days in the Trinidad paradice we rolled* back to Havana. *(because of a few kilos overweight after all the fantastic food!). In Havana we had a couple of days with more museums, nice restaurants, the Tiger´s birthday celebration, one more visit to the choclate museum, and looking at all the cool old cars and beautiful buildings. How amazing this must have been when it was all new!

Then we went on a tour to Viñales, a beautiful valley, complete with a visit to a cigar factory, some caves and a "typical" tobacco farm (touristified typical of course. Don´t think everyone had that good living standards...). We spent one night there before going back to Havana, and eventually turning our noses towards Panama. Oh, Panama! It´s the country we dream about! Where it smells wonderfully like bananas!

Since it is not much more to say about our last days on Cuba we´d rather show some pictures, since a picture is said to say more than a thousand words. But unfortunately I don´t have access to the pictures right now that simply have to wait... So sorry, it will come!!