søndag 20. desember 2009

Surf's up in Nicaragua

San Juan del Sur

Vel framme i Managua svinga me innom tax-free'en og kjøpte med oss to liter Amarula. Kjekt å ha på ein regnvêrsdag.
Etter litt forhandling fekk me ein taxi til å køyre oss til buss-stasjonen der me vart kasta på ein buss i retning målet; San Juan del Sur. Pakka saman på ein kyllingbuss der konduktøren jobba villmann for å få tak i eit sete til oss e ei oppleving i seg sjølv. Bjørnen knytta bånd med fleire av bussens yngste passasjerar medan tiger'n forsøkte så godt ho kunne å forstå konduktørens spørsmål om han sku skaffa taxi til oss frå Rivas til San Juan. Ho forstod iallefall det meste... ;)
Fekk sjekka inn på Casa Oro og slukna ganske fort. Ein heil dag på reise tar på..

Neste morgon bestemte me oss for å sjekka ut stranda før me prøvde oss på surfinga. Veskene vart pakka med dei mest nødvendige ingrediensa; bok, chips og vin. ;)
På vegen kom me i prat med engelskmannen Tony, som skulle visa seg å vera ein av dei som gjorde tida i Nicaragua så fantastisk.

Morgonen etter prøvde me oss for fyrste gong på surfebrettet med dei to lokale heltane Oliver og Julio som lærarar. Både bjørnen og tiger'n var svært nøgd med innsatsen, særleg sidan begge stod på tredje forsøk.. Tre timar går fort når ein har det moro, og me hadde ingen planar om å gje oss der.. Kjapp lunsj i San Juan og det bar rett tilbake til stranda for å prøva på eigenhand.

Etter nok ein lang dag på stranda, der tiger'ns bakhovud fekk nærkontakt med Tomers surfebrett, traska me bort til det som skulle bli vår stamplass i San Juan - The Pier.
Her vart me positivt overraska av eit reggae-band som var kjempedyktige. Tiger'n fekk seg ein helt og me såg onkel Reisende Mac i egen person.

Sundagen var som sundagar skal vera, ein kviledag. Me tusla rundt i San Juan og lata som me gjorde oss kjende med den vesle byen (me vart aldreg særleg kjend utover strandlinja..). Nok ein tur på The Pier for å nyta ein Cuba Libre. Dette skulle bli ein dagleg aktivitet..

Dag tre med surfing der tiger'n nok ein gong skadar seg og byrjar å tenke at denne sporten nok ikkje for henne. Tiger'n slappa difor av på stranda medan bjørnen baksa og plaska og prøvde å komma seg på brettet. To amerikansk-baserte israelerar forbarma seg over henne og byrja å gje henne instruksjonar. Rafi og Shay sku visa seg å vera eit par fantastiske karar med gode surfeskills, som dei så smått klarde å læra bjørnen etter kvart..

Frå denne dag vart bjørnen dedikert surfar og brukte dagane på brettet saman med Rafi og Shay. Tiger'n på si side nytte dei lange morgonane og dedikerte seg sjølv til sosialt samvær med dertilhøyrande alkoholinntak. Kortspel på eit gatehjørne kl 4 om morgonen er ikkje til å kimsa av. Svært så god i strand-cricket vart tiger'n og, med gode instruksjonar frå aussiane Dave og Jarrod, og engelskmannen Ben. Tiger'n kastar tydlegvis ikkje som ei jente.

Laurdagen vart det duka for storfest med ikkje mindre enn to bursdagsfeiringar og nok ein konsert med reggae-bandet La Familia, denne gong fulltallige. Ein svært vellukka kveld som resulterte i sang, dans og ein skremmande avhengighet av raude slikkepinnar. Og mange små pranks frå Bjørnen og Daves side. Som f.eks å gje tiger'n ein slikkepinn dei hadde kasta på golvet. Snillt.

Sundagen var "last night out" og omtrent like stor som laurdagen. Noko som resulterte i at også mandagen vart "last night out".

Tysdag var det duka for å dra til Managua med kyllingbuss. Fyrst ein time til Rivas der me bytta buss, og så to timar til Managua. Då me var nesten framme spurde bjørnen om tiger'n hadde teke passet og kameraet ut av skapet på hostellet. Sjølvsagt ikkje, pass og kamera lyt bjørnen passe sjølv. Så bjørnen måtte hiva seg på fyrste buss tilbake til San Juan Del Sur og henta sakene sine, for så å komma attende til Managua samme kveld.
Med pass og kamera i bagasjen sette dei seg på Tica-bussen til San Pedro Sula i Honduras. Endeleg tid for dykking!

2 kommentarer: