onsdag 2. desember 2009

There and back again, a mexican tale

Mexico City
Vegen opp, fine byen og vegen attende.
Ei historie om dramatiske bilturar, dei dødes dagar med midnattsturar på kyrkjegårdar, shopping, kanselering av flybillettar og flyforvirring.

Me kom oss halvsjuke, men på bedringas veg, til Flores, kor me hadde overnatta då me besøkte Tikal. Me heiv oss inn på samme hostellet (med veldig god veggismat, bra for bjørn!) og slengte oss i kvar vår hengekøye for natta. Dagen etter byrja me den
lange turen opp mot Mexico City, fyrst buss til grensa (som bestod av eit skur langt ute i ingenmannsland. Den kjappaste grensekryssinga så langt.), så båt over ei elv som ligg på grensa, deretter eit par timars biltur opp til Palenque. Både bjørn og tiger sovna på bussen, musikk på øyra, sløve etter parasittanes herjingar i kroppen. Brått vakna me av høge skrikande lydar, sjåføren bremsa for harde livet, bjørnen kikka søvnig ut av vindauga og fekk auga på eid hjul som trilla ved sida av bussen. "Steike" tenkte den vesle bjørnen. "Nokon har mista hjulet sitt!" Det gjekk eit sekund før det gjekk opp for ho at det faktisk var OSS som mista dekket! Med stag og det heile! Sjåføren klarte å stansa bussen, me tumla forvirra og lettskremde ut for å sjå kva som faktisk hadde skjedd. Der fann me dekket i grøftekanten. Føl med på Flickr, biletebevis kjem snart! Me hadde hatt bra stor fart og nett runda ein svær sving då me hadde mista dekket. Flaks! Dette kunne ha gått mykje værre. Me fekk kapra ein taxi, som tok oss dei siste 10 minuttane til Palenque.

I Palenque sløva me vekk nokre timar før me hoppa på nattbussen til Mexico City. Tidlig om morgonen kom me fram til det me håpa var riktig by (dei kallar jo byen noko heilt anna). Me kom os fram til eit brukande hostel og fortsatte vår no endande
kamp mot ekle mageparasittar. Me byrja komma oss ganske bra. Tiger'n måtte enno ta in roleg kveld, mens bjørnen for ut på midnattstur til ein av byens kyrkjegårdar, full i krigsmaling a la gjenferd. Det var nemleg den tradisjonelle "Day of the Dead" der mellom-amerikanarar minnast sine døde. Turen bestod av ein busstur til eit marknadssentrum der me fekk sjå aztek-dans og feiring, båttur gjennom kanalane der nokon hadde hengt opp dokker (med og utan hovud) i trea på øyane (creepy!!) og til slutt eit besøk på ein stor kyrkjegard der folk samlast heile natta, med dei dødes favorittmat fint plassert, favorittmusikken spela av innleigde band, blomar, ballongar på gravene til dei små, flust med drikke og ei merkeleg blanding av djup sorg og kjempefest. Det var veldig interessant og ei heilt spesiell stemning, men ikkje så veldig behageleg, då ein følte ein tråkka inn på noko som var heilt privat og ganske så sårt. Dagen etter tura me rundt på ei by-sightseeing og oppdaga kor fin Mexico City faktisk er. Rett og slett ein vakker by, med mange spanande gøymde element som fortel om ei turbulent og interessant historie.

Dagen etter skulle me fly avgarde til Sør-Afrika. Me byrja å prate om kor fint me har hatt det i Mellom-Amerika og det kom fram at verken bjørnen eller tigeren følte seg ferdig med denne delen av verda. Kort fortald: me hasta avgarde til flyplassen, kansellerte blybillettane våre til Afrika og kjøpte nye til Nicaragua istaden. Me likar jo å reise og sjå nye stader. Det er mindre sjangsar for at me reiser tilbake hit i nær framtid, sidan det er så mange stader å sjå. Difor er det like godt å utnytte tida me har her no, og då heller ta eit enno lengre opphald i Afrika neste gong :) Men me reiser framleis til Uganda før jul!

Siste dagen gjekk med til shopping og eit forsøk på å få sendt heim litt stæsj. Det viste seg å være vanskeleg. Me enda opp med å springe rundt halve byen, fyrst for å kjøpe boksar, så få dei pakka inn, så finne minibank for å betale dei hundre og ørti stempela. Sjølvsagt stengte postkontoret før me kom oss igjennom den rebusløypa. Det enda med eit hastebesøk til postkonotret på veg til flyplassen morgonen etter. Etter lang ventetid før dei opna fekk me endeleg sendt avgarde pakkane våre og hasta avgarde for å rekke flyet vårt til Nicaragua. Vel seint pesa me inn på riktig terminal og halvsprang bort til innsjekk. Innsjekk til mellomlandinga i Guatemala gjekk fint, men inn i Nicaragua fekk me beskjed om at me ikkje kunne. Ein måtte nemleg ha utreisebillett for å komme inn. Men me skulle jo ut att med buss... Me bestemte oss for å hoppe på flyet til Guate og fikse det der. MEN hadde me betalt turistavgifta i Mexico? "Ka for ei avgift, sa du?" Joda, me skulle visstnok ha besøkt ein bank og betalt noko greier. Det hadde me sjølvsagt ikkje sidan ingen hadde sagt noko om det (mulig nokon har skravla noko på spansk, men der har me begrensa kunnskapar desverre). Heldigvis for oss var dama i skranken begynt å bli temmelig stressa, og mens ho mumla "I really need my breakfast now" stempla ho oss igjennom etter at bjørnen overbevisande fortalde at me hadde betalt alt som skulle betalast. Lovar. Framme på flyplassen i Guatemala tok tigeren tak og fekk personellet til å innsjå at dei ikkje kunne nekte oss inngong til Nicaragua, sjølv om dei kanskje ville. Me hadde jo ikkje tenkt å busetje oss der, berre surfe litt. Og vips, så satt me på flyet på veg til Managua.

Tross magesjuke, bildekk på ville vegar, levande døde og ein laaang stressande flyplass-dag kom me oss fram til Managua. Next: Bjørnen og Tigeren lærar seg å surfe! Hurra!





In english:

Mexico City
A story about dramatic bus rides, midnight visits on churchyards on the day of the dead, postal distress, cancelling of planetickets and flight confusions.

Still recovering from the nasty parasites that roamed through our bodys, we headed for Palenque after spending a night in Flores. The journey consists of a bus up to the border, a boat across a river and then another bus to Palenque on the Mexican side. Both the Bear and the Tiger were asleep when a loud screeching noise woke us up. Still half asleep the little Bear looked out of the window and saw a wheel running loose on it's own beside the bus. "Wow, someone's lost their wheel!" was the Bear's first thought, but after a split second she realised "Shit! It's OUR wheel!!". Still on it's broken axel it settled in a ditch while the driver managed to stop the bus. We all went out to have a look, rather confused and a little frightened. We had been going very fast at the time and had just got around a huge sharp turn. Luckily we stayed on the road and all were fine. A taxi took us safely the last 10 min to Palenque.

We took the night bus from Palenque to Mexico City. The Tiger had a relaxing night at the hostel while the Bear went on a "Day of the Dead" tour. Covered in war paint a la corpse she went out to see how the Mexicans s\celebrate their dead ones on this day when thei believe the dead comes to life for the night. She went to see the Aztecs doing traditional ceremonies, took a boat-trip through the canals were they had hung up dolls in the trees around the islands (with and without their heads, creepy!) and then ended the night at a huge chirchyard were people were both mourning and celebrating, crying and drinking, placing the dead people's favourite foods on the graves, rented bands palying their favourite songs, balloons on the childrens graves, dancing, fires and costumes. Weird, interesting, fascinating, but it felt like we were trespassing onto their private grief. The day after we had a look around on a city sightseeing tour, and really discovered how beautiful Mexico City is, with all it's hidden elements telling tales of a rough and interesting history.

The day after we were supposed to fly to South Africa. We started talking about how much we've enjoyed Central America and it was revealed that neither the Tiger nor the Bear felt ready to leave this continent yet. Put in short: we rushed to the airport, cancelled our tickets to Africa and bought new ones to Nicaragua. We really like travelling and know that once we've been here, we probably won't go back for a while. There are so many new places to see. So why not spend some more time while we are here to see and do all we want to, then next time we will go to Africa and spend even more time there. Nice plan, huh? But we are still going to uganda for Christmas :)

The last day were spent on shopping and trying to send some stuff home to lighten our backpacks. This proved to be more diffficult than first thought. We ended up running through the whole city, first in search for boxes, then for wrappings, then for the post, then for an atm to get cash to pay for the insanely amount of stamps (how about making stamps with higher value?!). When we finally had it all the post office were, of course, closed. It all ended with a hurried visit to the post office the next morning on our way to the airport. After waiting forever for them to open, we managed to send our packages and then hurried on to reach our flight to Nicaragua.

In the last minute we rushed to the check in at the airport. The check in to our transit in Guatemala went fine, but getting into Nicaragua was worse. Apparently one have to have a return ticket to enter Nica. But we planned to leave the country by bus. After a long argument we decided to go to Guatemala and continue our fight with the company there. BUT had we paid the tourism fee? "What fee?" Apparently (again) we were supposed to go into a bank in Mexico and pay some kind of a fee, which we of course hadn't since no one had told us to (they might have mentioned something in spanish, but our spanish skills are still not the best unfortunately). By this point the woman behind the desk were getting quite stressed and frustrated and after the Bear had convincingly insisted that they had in fact paid the fee, honest..., she signed the papers and gave us our tickets while mumbling "I really need my breakfast now...". In the airport in Guatemala the Tiger took charge and made the people in the office realise that they could not legally deny us access into Nicaragua, even though we didn't have return ticket. After all we did not plan on settling in Nicaragua, we just wanted to surf a bit. And finally we were on our plain to Managua.

Despite all obstacles we finally made it to Nicaragua! Next: The Bear and the Tiger learn how to surf! Hurray!

2 kommentarer:

  1. Eg ser da for meg når dåke stressa rundt , jysla bra..;)

    Fine bilde..:P

    SvarSlett
  2. Misunneliiiig! Jeg vil også være i varmen og få fregner! Her har snøen kommet, og en liten Lucy som venter spent på å treffe dere :)

    Suss fra Marit!

    SvarSlett