tirsdag 24. november 2009

Me fann Paradis!!

Lanquin


Saman med dei to andre norske jentene vendte me nasa mot Lanquin. Me hadde allereie fått anbefalt eit hostel her, som skulle være heilt fantastisk, men dei andre jentene hadde høyrt om eit nyopna hostel som skulle være enno betre i fylgje rykta. Me bestemte oss for å sjekke. Det me fann overgjekk alle forventningar! Verkeleg ein av dei finaste stadane me har sett! Høgt oppe på ein åskam låg hostellet, med ei fantastisk utsikt utover ein dal og elva som rann i botnen. Takdekt barområde med
hengekøyer og upåklageleg stemning, knallgod mat (steinovnsbakt pizza langt ute i skauen er luksus!) og det koslegaste personellet! Og ein må ikkje gløyme dei beste dusjane me har sett, kokvarme, med halv vegg open ut mot dalen kunne ein nyte
solnedgongen mens ein vaska av seg skit og støv etter dagens herjingar. Herlig! Hostel Zephyr i Lanquin er absolutt ein stad ein kan gøyme seg vekk og lett verte sittande fast, noko me nesten gjorde.

Den galne israelske gjengen kom etter, og saman med desse, dei to fine norske Ingrid og Eva, dei sjarmerande og søte eigarane engelske Chris, svenske Elle og aussie Kane, hadde me ei fantastisk lita veke her. Tubing i elva, grottevandring/-svømming og
bading i Semuc Champey (den vesle bjørnen hoppa ned ein 12 m høg foss! Stolt!), større inntak av Cuba Libre om kvelden og ut i dei tidlige morgontimane saman med late night israleli jam sessions, korttriks og nattelange happy hours. Slik fauk dagane avgårde. Bjørnen fekk også endeleg slengt seg på ein rafttur, saman med ein vill gjeng frå Guatemala City. Det var trist å reise derifrå, men her kjem me garantert tilbake!! Om enn berre for å låne dusjen...

Einaste dempar på opphaldet var at både bjørn og tiger antakeleg fekk i seg nasty parasittar etter badinga i Semuc Champey og endte opp med å måtte haste til legen i Coban, etterfulgt av eit par dagars elende på eit hotel der. Men me øvelevde det og,
vart nokonlunde ok og byrja reisa opp mot Mexico City, via Flores og Palenque. Som de nok har fått med dykk, så endra reiseplanane våre seg på vegen, men det får dykk høyre meir om snart :)







In english:

Lanquin
What a PARADISE!

Together with the two other norwegian girls we met in Antigua we went to Lanquin and Semuc Champey. We had already been recommended a hostel in Lanquin wich were supposed to be fantastic, but the other girls had heard of a new place that should
be even better. We decided to check it out. We were not disappointed! It was really one of the most amazing places we've seen! High up on a hill overlooking a valley with a nice river in the bottom, bar-area covered by a roof, with hammocks, great food and always a good atmosphere. Much thanks to the great staff! And not to forget the showers. With only half a wall on ne of the sides, you could have a steaming hot shower while enjoying an amazing view over the valley, especially beautiful when looking at the sunset! Hostel Zephyr in Lanquin is a place you can easily loose yourself and just get stuck. We almost did.

The crazy israeli group from Antigua also showed up after another day. Together with them, the two wonderful norwegian girls, Ingrid and Eva, the charming owners and staff, Chris, Elle and Kane, we had some wonderful days here. Tubing in the river,
cave-swimming and sightseeing in Semuc Champey, high consuming of Cuba Libre in the night until the mornings mixed with late night israeli jam sessions, cardgames and everlasting happy hours. And the days flew by. The little bear finally got herself on the river on a raft trip with some crazy people from Guatemala City. Great fun! So sad to leave this place, but we will come back! If only to use the showers...

Only bad thing was that both the bear and the tiger got some nasty parasites from the water in Semuc Champey and ended up with rushing to Coban to see the doctor, followed by a couple of days in parasite-hell in a hotelroom, not having any strength to do anything but watch TV. But we survived, got better and left for Mexico City, via Flores and Palenque. As you probably have discovered we changed our travel-plans and never got on the plane to South Africa, but more about this later :)

1 kommentar:

  1. Elske bildene dåkke har lagt ut. Ballongar, knottetrær og vegetarhøna - det blir kje bedre enn det! :P

    SvarSlett