Me sikra oss veeeldig god tid på flyplassen i Miami før avreise til kingston, Jamaica. Av erfaring. Og godt var det!
Etter kjapp og grei innsjekk gjekk me til British Airways skranken for å sjekke om bjørnen hadde dei riktige papira,
forsikringsmessig, slik at ho får dekka utgifter ved forsinka bagasje. Superdama frå hin dagen tok ein rask sjekk for
å forsikre seg om at sekken min var i Kingston, men det var den sjølvsagt ikkje. Den var sendt tilbake til Miami.
Heldigvis hadde me tid til å sjekke den inn i tillegg. Og me kom oss omsider til Jamaica. Hurra! Etter over ein time i
passkontroll-kø vart me møtt av ein blid bamse på utsida. Me hadde tatt kontakt med den snille David Parkes gjennom
våre fine venar, Sarifa og Peder. Han viste oss all gjesmildhet som Jamaica ha å by på. Ein liten sightseeing, middag og
velkomstdrink rakk me før me krølla oss i saman i stova hans for natta. Tenk å opne heimen sin slik til folk ein ikkje
kjenner eingong! David fann eit fint lite hotell til oss dagen etterpå, sentral og trygt. Kingston er jo ein belasta by,
der sjølv lokale vegrar seg for å gå åleine down town. Men me budde innanfor trygge gjerder, med basseng og bar. I løpet
av våre dagar i Kingston fekk bjørnen besøkt strippeklubb (og yeah, skal me sjå det verkelege Kingston so må man berre
hoppa i det. Og her vanka både menn og damer. Litt som ein nattklubb med halvnakne betalte damer. Svært fascinerande, men
litt ukomfortabelt.), begge fekk prøvd seg på kasino (eller "gaming club" som dei kallar det der. Casino er ikkje lovleg, so
då skiftar dei berre namn.), ete god mat, drukke rom og cola, tusla i fine zoologiske og botaniske hagen, lærte om piratar og
spansk innflytelse gjennom informative utstillingar på Institute of Jamaica og hadde ein bratt og svingete, men fin kjøyretur
opp til Strawberry Hill. Restauranten me skulle til der var desverre stengt, men utsikta var fantastisk og vegetasjonen
langs vegen flott, så det var slettes ikkje ein bortkasta tur likevel. Og sist, men ikkje minst, besøkte me Bob Marley's
tidlegare heim i Kingston, som kona hans har gjort om til museum. Her fekk me ein guida tur gjennom eigendommen, med mykje
god informasjon om Bob's liv og musikk. Anbefalast! Ellers vart det litt plasking i bassenget, drinkar, øl, god mat og
mange koslege samtalar med nye vener.
Overarbeida David jobbar hardt og trengte sårt litt tid til avslapping og nedstressing. So når han ville ta oss med til Ocho
Rios på eit "all inclusive"-hotell var me skeptiske, men vart med likevel. To dagar i fullstendig luksus var vel ikkje heilt
oss, men me hadde ei fin tid med masse plasking i bassenget (bjørnen kan no gå på nevane under vatn.), lett padling utpå
havet, sløving i sola, masse gos mat (ein liten veggis-himmel faktisk) og snorkling. Fine fargerike fiskane! Det vil me gjere
meir! Ellers masse rom (måtte til for å tåle alle dei bleikfeite britane som velta seg på bassengkanten), nokre nye
bekjentskapar og skravling i hytt og pine. Me nytte det så godt me kunne, men det var likevel godt å sei farvell til luksus-
livet og hive seg på bussen til Montego Bay. Koslege Chris heldt oss med selskap siste dagen og var snill og kjøyrte oss til
bussen. Han tok vårt farvell nokså tungt og har til dels telefontorturert den vesle bjørnen i etterkant. (Ikkje oppmuntra!
Heilt sant!) Men me var glade og fornøgde der me vendte nasa vestover mot vårt siste mål på Jamaica; Negril.

By experience we made sure to have good time at the airport in Miami before departuring to Kingston, Jamaica. And good thing we did!
After a quick and easy check-in, we went to the British Airways desk to check if the little bear had all documents required for the insurancecompany to cover the expenses due to her delayed luggage. The superlady from the day before took a quick check to see if her bag was still in Kingston, wich, of course, it was not. They had returnet it to Miami.. Luckily we had time to check-in that one as well, and finally we arrived in Jamaica! Hurray! After more than an hour queing for immigration, we met a smiling man. Through our good friends, Peder and Sarifa, we made contact with David Parkes. He showed us all the hospitality Jamaica had to offer. A quick sightseeing, dinner and a welcoming-drink before we curled up for the night in his livingroom. Imagine opening your home like that to people you don't know!
The next day David found us a nice little hotel, central and safe. Kingston is not a safe city. Even locals hesitate to go down-town by themselves. But we stayed within safe fences with a swimmingpool and bar.
During our days in Kingston the little bear got to wisit a strip-club (oh yeah, if you're gonna see the real Kingston, you might as well jump to it. Both men and women came to this club. Kind of like a nightclub, only with paid, half-naked girls. Very facsinating, but uncomfortable), both of us got to try the casino (or the gaming-club as they called it. Casinos are not legal, so they change the name. Make perfect sense..), had good food, drank rum and cola, walked around in the beautiful zoo and botanical garden, learned about pirates and the spanish influence through informative exhibitions at the Institute of Jamaica and had a steap and winding, but nice drive up to Strawberry Hill. Unfortunately the restaurant we were going to was closed, but the view was beautiful, so it was not a waste of time at all. And last but not least, we visited the Bob Marley's former home in Kingston, wich his wife has turned into a musemum. We had a guided tour around the property, where we learned about bob's life and music. Recommended!
Other than that there were some splashing in the pool, drinks, beer, good food and many good conversations with new friends.
David works too much and needed some relaxation, so he invited us to Ocho Rios for an all-inclusive-weekend. We were a bit sceptic, but tagged along anyway. Two days of total luxury is not us at all, but we tried hard, and managed to have a good time. Lots of splashing in the pool (the little bear can now walk on her hands under water), kayacking on the sea, lazing in the sun, lots of good food ( a small veggie-heaven) and snorkeling. Beautiful and colorful fishes! We want to do more of this! And ofcourse, lots of rum (this was needed to bare the sight of all the fat, white british people lying around the pool), some new acquaintances, and talking here and there..
We tried to enjoy it the best we could, but it was a relief saying goodbye to the luxury and getting on the bus to Montego Bay. Nice Chris held us company the last day, and was kind enough to drive us to the bus. He took our goodbye quite hard, and have partly phone-terrorised the little bear since we left Ocho Rios (not encouraged. Promise!)
We were quite happy on our way to our last stop in Jamaica; Negril!