torsdag 24. september 2009

Cuba libre





På flyplassen stod ein kar med eit Kilroy-skilt i handa. Det viste seg at han hadde i oppgåve å skaffa oss ein taxi som trygt
skulle køyre oss til hotellet. Dette ante me ingenting om på førehand, men var tydelegvis ein del av visumpakken til Kilroy.
Etter å ha installert oss på hotellet tusla me ut for å sjå oss om. Målet var å finna ein bokhandel me kunne kjøpa ei giudebok
om Cuba hjå. Då me sat og åt frukost neste dag kom ein kar og presenterte seg som guiden vår. Me såg på han som om han nett va
stege ned frå himmelen. Nei, me hadde ikkje vorte opplysa om det heller, at visumpakken inneheldt ein guida tur rundt i Habana.
To andre norske skulle og vera med på turen. Alejandro, guiden vår, viste oss masse spanande. Revolusjonsmuseet, Granma Memorial
(der dei har stilt ut den verkelege båten Che og gjengen kom til Cuba med), det mislykka fortet, verdas einaste gate av treklossar,
vannhullet der ein får så mykje gratis vatn ein berre orkar (det er sjølvsagt lov å tipsa han som jobbar der), restaurant med
eige bryggeri, sjokolademuseum (NAM!), verdas beste mojito og rom-museet. På kvelden vendte me att til rom-museet for å sjå Buena
Vista Social Club spele. Veldig bra!
Neste dag bydde på salsakurs. Bjørnen var kjempegira, tigeren litt meir skeptisk.. Men på eit vis fekk me det til. Møtte Nils
og Brabara til ein god middag (kjem i eige innlegg).
Laurdagen gjekk me på revolusjonsmuseet. Mykje interessant, men det var desverre så varmt at på slutten berre skumma me gjennom.
Bjørnen fekk handla seg bøker på eit bruktbokmarked på Plaza de Arma. Me måtte sjølvsagt nytta høvet til ein kald sjokolade
på sjokolademuseet, og i køen der slo me oss saman med to jenter frå belgia. Dei hadde mykje tips å koma med både om Cuba og Mexico.

Søndag kl 07.20 vendte me nasa mot Trinidad. Nesten fem timar på bussen tar på, og det hjelpe ikkje at ein vert overfalt av folk
som vil du skal bu i deira "Casa" med ein gong du stig ut av bussen. Me vart med ei dame som verka hyggeleg, og det viste seg
å vera eit veldig godt valg. Me har heile andre etasje for oss sjølve, med to balkongar og takterrasse, eige bad, stova, kjøkken
og to soverom. Og maten dei severer oss! Får vatn i munnen berre av å tenkje på det. Gjekk og rusla litt rundt i gatene på
søndagen og kunne ikkje forstå kvifor det var så stille over alt. Fyrst etter to timar kom me på at det var søndag.. ;) Ein eldre
kar bydde på kaffi, og då var ikkje bjørnen vanskeleg å be. Enda med at me kjøpte to smykker og eit armbamd hjå han.
Mandag drog me til stranda. Nydeleg plass med lite folk og til og med ledig parasoll. Kosa oss der i mange timar. Då me skulle
gå for å eta lunsj, opna alle slusene seg. Det hølja ned noko heilt voldsomt! Stakkar bjørnen sprang tilbake for å pakka saman
tinga våre, men vart tvinga til å søke ly under nokre tre. Regnet brakte med seg mykje liv. Då det var over var det fuglar,
eremittkreps og krabbar over alt på leit etter mat.
Kom tilbake til ein fantastisk middag. Begge åt så mykje at me hadde problemar med å bevege oss. Etter ei stund klarde me så
vidt å traska oss avgårde til Casa de la Musica. God livemusikk og gode, men dyre drinkar (kan ta seg betalt av turistane, veit du..)

Trinidad var verkeleg ein fantastisk by. Tusen takk til Kristine som tipsa oss om den!
I morgon dreg me til Viñales for litt naturopplevingar, men i kveld; bursdagsfeiring i Habana! =)

2 kommentarer:

  1. Hei på dere! - og GRATULERER så masse med dagen Katrine!! :-) Håper dere koser dere med feiring i Habana! Kjempe-gøy å lese reisebrevene deres! Høres ut som dere har det helt topp! Kos dere masse videre! Klem fra Therese, Trond, Tuva og Mathea

    SvarSlett
  2. Gratulera med overstått, fine Katrine! Eg lo meg i hel av guiden dåkkas. Kossen kunne de ikkje sei ifra om det?

    SvarSlett