torsdag 24. september 2009

Take me home, country road, to the place where I belong, West Jamaica...!






Toots and the Maytals visste kva dei sang om når dei endra den populære sangen. Me fann kjapt ut at me hadde "spart" det
beste til slutt på Jamaica. Desverre. Me kom fram til Negril seint mandag kveld. Me hadde funne eit hostel på nettet som såg
greit og billeg ut, men dei billege romma var desverre teken. Me vart henvist til over gata der me vart tilbudt hytter til
om lag 50 usd. Me pruta det ned til 30 usd, sidan det var lavsesong, og for ei perle det viste seg me hadde funne! Hytta vår
hadde ein terrasse med utsikt. Utsikta strakte seg eit par meter over plenen, som møtte sanda, som forvann ut i havet.
Me budde bokstavleg talt på stranda! Idyll! Dei viste oss ein stad over gata der me fekk kjøpt oss ein god lokal middag i
svære porsjonar. Nam! Her gjekk me tilbake for frukost neste morgon. Frukosten minna bjørnen svært om sine forhenværande dagar
i Uganda. Stivelse, stivelse og litt meir stivelse. Men likevel oh så godt! Men litt mykje for våre små magar. Noko den gamle
rasta-taxisjåføren me hadde til selskap kommenterte stadig. Hihi! Etter frukost tusla me langs den 7 miles lange stranda, som
Negril er kjent for, mot sentrum. Å tusle avgårde med tena (tærne ja.) i det karibiske hav er berre fint fint fint! Her fekk
me selskap av ein lokal gut med ein bærbar dvd-spelar. Han presenterte seg som reggea-artist, spela musikkvideoar for oss på
vegen og tok på seg oppgåva som guide i byen. Han tok oss med til fiskemarknaden, souvenirsjappene og gjennom den vesle byen.
Me var også innom ein skule, brasa inn i klasserommet og forstyrra dei stakkar lærarane i timen sin. Artig for oss og borna,
sikkert frustrerande nok for dei. På ein bar me var innom for å vente på at regnet skulle gje seg, fekk me ei innføring og
visuell framføring i korleis ein skikkeleg jamaicansk spliff skal rullast. Obligatorisk. Men skikkelege jenter som me er,
nøgde me oss med å sjå på.

Etter ei pause tilbake i hytta rusla me på nytt inn mot sentrum for å shoppe litt souvenirar. Men på vegen kom me i prat med
ein rastafari av den eldre sorten. Han presenterte seg som Rasta-Gajoe og spurte om han ikkje kunne få vise oss rundt opp i
fjellsida, kor heimen hans var og hippiane før haldt til. Det var nemleg hippiar som først oppdaga Negril på 60-70 talet. Dei
kom her, campa på stranda eller budde saman med rastafariane i fjellsida, laga mat saman og røyka ganja. Rasta minnast det
som gode gamle dagar, me trur han og tenkte som me har tenkt før; Me er desverre født nokre tiår for seint. Gajoe fortalde
oss mykje om rastafari-kulturen. På vegen opp til fjellet visa han oss mange forskjellige plantar og fruktar, fortalde korleis
dei brukte dei, og kva dei var godt for. På toppen fekk me sjå ein utruleg utsikt. Det karibiske hav som glitra,
litt av byen, og den flotte naturen som strekke seg frå Westmoreland til H***. Han fortalde at mange dyrka ganja på myrane,
dei drenerte eit passe stort område og lagde seg stiar av treplankar som dei tok med seg. Dette gjorde det vanskeleg for
politiet å ta dei. Han tok oss så med og viste oss huset sitt. Eit lite skur delt i to rom, med to sengar, eit bord og
nokre stolar, sjølvagt utan straum og innlagt vatn. Enkelt, akkurat slik han ville ha det. Ved sida av stor det nokre små
hytter. Desse leiger han ut for US$20 per natt. Inni krattet bak desse hyttene hadde han ganja-plantasjen sin. Det stod berre
nokre få plantar igjen sidan han nettop hadde hausta ein god del, men nye skudd var i vekst i nokre potter han hadde. Han fylgde
oss ned att via baksida av fjellet så me kunne få sjå enno meir. Me var med han i nesten tre timar. Tre timar vel verdt dei
pengane han skulle ha for det. Dersom me kan bidra til at han kan sitja på trappa si og nyta utsikten og røyka ganja, klart
mebetalar! ;) Trøytt og svært nøygd tok me tildleg kveld før reisa fortsetta vidare til Cuba neste dag..

Det er ingen tvil om kvar me fer når me kjem til Jamaica att..


##########


Our last day on Jamaica were spend in the place we should have started; amazing Negril! In this pearl on the west coast of the island we stayed in a cabin literally omn the beach. Just get up in the morning, go out, cross the lawn, feel the sand under your feet and walk right into the caribbean sea. Oh yeah!

Here we had a wonderful day, starting with a heavy, but delicious, local breakfast, followed by a walk towards the town center along the beach, with our feet in the water. There we met a boy carrying a portable dvd player. Claiming to be a local reggae-artist he took on the job of guiding us around the town while playing music videos as we walked. A nice tour that contained a trip to the fish market, the souvenir area, around the town and disturbing a some school kids and their teachers by just walking right into their classrooms. Nice for us, maybe a bit irritating for them :) Afterwards we got the compulsory lesson in how to make a proper spliff. Don´t worry parents... we are good girls, no smoking for us, just looking :)

The second part of the day were by far the most memorable. Walking around in town we bumped into a rastafari. He presented himself as Rasta-Gajoe and wondered if we were interested in a tour up in the hill were he lived, and were the hippies used to hang out. It was the hippies that first "discovered" this peaceful place in the 60´s and 70´s. Back then they lived together with the local rasta´s. slept in their houses, cooked together and smoked together. The good old days. Now it has sadly been replaced with rich tourist staying in all inclusive hotels, seeing nothing but pools and fancy restaurants, giving nothing back to the local communities. Gajoe gave us a fantastic tour, showing us so many different plants and teaching us what they were and how it could be used for all kinds of different things. He also taught us about the rastafari culture and the ways of a simple, peaceful life. It was an amazing view, and on the top, on Zion Hill, he had his house. No water, no electricity, just two rooms, a couple of cottages he rented out and a shack that was once before a small bar, before a hurricane destroyed it. He gathered rainwater and cooked on coal, grew lots of different fruits and vegetables in his garden. And of course he had his marihuana palntage in the woods behind his house, from which he would get his ganja, sitting on his porch, smoking and chilling. Everyday. The good simple life of a happy rastafari.

Negril, we will be back!

1 kommentar:

  1. Heisann!
    Kan den vesle bjørnen booka pappabjørn og mammabjørn inn hos Rasta på Jamaica nokre månader trur du...??? (Skaff oss i alle fall adressa..!)

    SvarSlett