onsdag 2. september 2009


«Det var ein gong ein liten bjørn og ein liten tiger, som budde nede ved elva i skogholtet, der røyken stig opp. Dei hadde ein båt og. Dei budde i eit lite og triveleg hus med skorstein. «Vi har det bra», sa den vesle tigeren. «Vi har alt som hjarta kan ønskje seg, og vi treng ikkje vere redde for nokon ting. For vi er sterke og, vi. Ikkje sant bjørn?» «Jau visst,» sa den vesle bjørnen, «eg er sterk som ein bjørn, og du er sterk som ein tiger. Det greier seg.» 
Den vesle bjørnen gjekk kvar dag med fiskestonga og fiska, og den vesle tigeren gjekk i skogen og fann sopp. Den vesle bjørnen laga mat kvar dag, for han var ein god kokk. «Ønskjer du fisken med salt og pepar, herr tiger, eller heller med sitron og lauk?» «Alt i hop!», sa den vesle tigeren. «Og eg kan godt få den største porsjonen!». Etterpå åt dei sopp med smør på, og så blåbærgraut og honning. Dei levde riktig så godt der nede i det vesle trivelige huset ved elva.»
«Ein dag flaut det ein kasse forbi på elva. Den vesle bjørnen fiska kassa opp frå vatnet, snusa og sa «sniff, ååååh, sniff sniff, banaaner!» For kassa lukta av bananer. Og kva var det som stod skreve på kassa? «Pa-na-ma,» las den vesle bjørnen. «Kassa kjem frå Panama, og Panama luktar bananar. Å, Panama er landet eg drøymer om», sa den vesle bjørnen. Han sprang heim og fortalde den vesle tigeren om Panama til langt på natt.» «I Panama», sa han, «der er alt så mykje finare, ser du! For Panama luktar bananer frå ende til annan! Panama er landet eg drøymer om, tiger. Vi må straks i morgon reise til Panama! Meiner ikkje du og det?» «Straks, i morgon!», sa den vesle tigeren. «Men vi treng ikkje vere redde for nokon ting, bjørn. Men, tigeranda mi må òg vere med.» 
Slik byrjar Janosch si historie om den vesle Bjørnen og den vesle Tigeren som skulle dra til Panama. Det skal me og, men tigeranda (Roger) får desverre ikkje vera med denne gongen.
Målet med turen er... Ja, det var nettop det.. Me har ingen bestemte mål med denne turen. Me reiser og ser kva me finn. Som for eksempel ei kvit strand på Jamaica til å lade opp kreftene på, før me verkeleg set i gang. Oppdatering av bloggen vil foregå så ofte som mogeleg. Så bær med oss dersom det tek litt tid mellom kvar oppdatering. Fiberoptikken er ikkje så godt utbygga i jungelen, enno.. :P
For "fullstendig" reiserute, trykk her

Kommenter gjerne, eller send oss mail ( bjornogtiger@gmail.com )
A short translation for our non-norwegian friends:
There once was a small bear and a little tiger. They lived in a house in the woods, down by the river. ... One day the bear found an old box floating down the river. It smelled wonderfully of bananas and had the name Panama written on it. "Panama is the country I dream about" said the small bear, "tomorrow we must go to Panama!". "First thing tomorrow morning", said the little tiger. "And we don't have to be afraid of anything! Cause you are as strong as a bear and I am as strong as a tiger!".

Almost like this starts Janosch's story about the little bear and the little tiger and their journey to Panama. We are also travelling to Panama. With no goals or other purpose than exploring the world we will go out with an open mind, starting with the white beaches of Jamaica. We will update our blog as often as we can, but please have in mind that the connections may not be the best in the jungles of the world... :P
For a "complete" travel route click here
Please feel free to comment here on our blog or send us an email (bjornogtiger@gmail.com)

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Gooood tur jenter;)
    Kos dere i Miami selv om det var det dere ikke hadde planlagt;)
    Og Så kjekt at dere skal til Trinidad på Cuba! Der var jo vi i en hel uke!! Fantastisk!
    Dere må også teste ut Viñales og Maria La Gorda(helt på vestspissen)!!
    Kos dere masse og jeg gleder meg til å følge med på bloggen;)

    SvarSlett