fredag 30. oktober 2009

Tempel, baby!

Flores:
Sjølv om me eigentleg ville bli i San Marcos og berre flyta vekk på ei mediterande sky, så kalla den indre vagabonden i oss vidare. Vårt mål: templa i Tikal. Nok ein eviglang busstur tok oss til Flores i Petèn i nord. Flores er ein liten by som ligg
ute på ei øy. Her er alt stille utanom det stemningsfylte hostellet Los Amigos. Ein typisk backpacker-stad, der ein lett begynnar å prate med Gud og kvarmann. Kos! Og god veggis-mat her og gitt! (Guatemala visar seg å være ein veggis-himmel, til
bjørnens store glede! Ho fråtsar i hummus, falafel, tofu og guacamole. Slafs!). Me ankom tiiidlig om morgonen etter ei heller søvnlaus natt på bussen så me tok ein roleg dag, fylt med turar, sløving i hengekøya og deileg mat på hostellet.

Morgonen etter var me oppe før fuglane fekk tid til å tenke på å fise (utanom ein rar liten kyllingsak som sprang rundt hengekøyene og skreik heile natta. Greit nok at Bjørnen er vegetarianar, men ein veggis med jaktløyve, og den fuglen levde
farleg...). Målet var Tikal, ein imponerande maya-by, forhåpentlegvis i soloppgang. Den såg me gjennom bussvindauga, men fint likevel. Me fekk ein veldig engasjert og dyktig tur-guide som ikkje berre viste oss tempel og pyramider, men vekka nokre brølaper for oss, tok ein tarantella ut av holet sitt og viste oss masse flotte fuglar og kryp.
Me klatra det eine tempelet etter det andre, og byrja etterkvart å undra oss over kor høge trinna var. Mayaene er jo som kjent ganske korte av vekst (sjølv tiger'n føler seg stor når ho går på marknaden), så det var ei gåte for oss korleis dei kom seg opp hit. Dette kunne guiden vår forklara så enkelt at maya-kongen var slett ikkje nokon lav skapning. Kongefamilien var faktisk ikkje lave i det heile, og sidan det skulle fortsetta slik vart det sjølvsagt ein del innavl etterkvart. Så grunnen til at trinna var så høge var at dei var kun for kongen å gå i..(bjørnen undrar seg over kva som ville skjedd om sonen til kongen var ein liten kortvokst ein. kunne han ikkje bli konge då?)

Etter Tikal tok me liksågodt eit bad i vatnet i solnedgongen og litt sosialt samvære på vårt fine hostell. Bjørnen måtte ha seg nokre timar på puta tidleg på kvelden (sidan ho hadde sove lite natta før og stått opp halv 5 om morgonen), men vart vekt rundt midnatt av ein hyper Tiger og full londoner. Nattbad! Jaha? Det var berre å hoppe ut av hengekøya og henge på. Å flyte rundt på ryggen under stjernene er noko ein lett kan venne seg til! Det var heller ikkje ei dårleg avslutning på eit flott opphold i Flores.

Neste dag slo me oss saman med to israelarar og vendte nasa mo Rio Dulce og Livingston.





In english:

Flores
Even though we really wanted to stay in San Marcos and just float away on a meditating sky, our inner vagabond called us on. Our goal: The temples of Tikal.
Another dreadful busride took us to Flores, Petén in northern Guatemala. Flores is a small town situated on a small island. Everything is quiet here, except for the lively hostel Los Amigos. This is a typical backpacker-hostel where you easily start talking to anyone and everyone. Fun! And they even have veggie-food! (Guatemala turnes out to be a veggie-heaven, wich the bear loves! She's enjoying hummus, falafel, tofu and guacamole. Yummy!
We arrived early in the morning after a rather sleepless busride, so we had a quiet day just relaxing in the hammock, walking around in town and eating delicious food at the hostel.

The next morning we got up way before the birds even thought about it (except for one weird-looking little chicken-thing that ran around the hammocks all night making terrible noises. Yes, the bear is a vegetarian, but a veggie with hunting-licence. That bird were living dangerously..)
Our goal were Tikal, an impressive Maya-city, hopefully before sunrise. Well, we saw that one trough the bus-window, but still it was beautiful.
We got a good and engaged tour-guide that not only showed us temples and pyramides, but woke up some howler-monkeys, took a tarantula out of its nest and showed us many beautiful birds and animals.
We climbed one temple after the other and started to wonder about the height of the stairs. The mayas are not really famous for being tall people (even the tiger feel tall walking in the market), so it was a mystery for us how they got up these stairs. Our guide could easily answer this question with the explanation that the maya king was no short person. Actually the whole royal family were tall, and since they wanted to keep it this way there were a lot of in-breeds after some generations. So the reason the stairs were that tall were that they were only for the king to climb.. (the bear wonders what would happen if the king's son were short. Could he not be king, then?)

After Tikal we took a swim in the sunset and socialised at the beautiful hostel. The bear had to get som sleep early in the eveing (since she hardly had any sleep the night before, and got ut at 4.30 in the morning), but were awakened around midnight by a hyper tiger and a drunk londoner. Nightswim? Yeah? Nothing to do but jump out of the hammock and skip along. Floating on your back under the stars is easy to get used to! No bad closure on our stay in Flores either.

The next morning we went to Rio Dulce and Livingston togheter with two israelian guys.

1 kommentar:

  1. Fulle folk og nattbadig...sku nesten tru dåke va heima...;)

    SvarSlett